I ein interpellasjon til ordførar Stein Aam, spør kommunestyrerepresentant Idar Henning Vatne (Frp) om ordføraren vil ta tak og kome i dialog med grunneigarar og Ørsta skisenter om å få veg opp til Eitrefjell.

Gull verdt

– Om sommaren vil ein veg opp til Eitrefjell kunne frakte turistar opp til den mest spektakulære utsikta vi har her i kommunen, i alle fall med kafé. Dette vil også kunne gjere aktiviteten enklare for drifta av fjellet, med fleire skitrekk høgare oppe, himmelseglarane vil få ein enklare kvardag, og folk vil få ei ny moglegheit til å leige dei flotte lokala oppe på Eitrefjell. Vi snakkar her om heilårsdrift ved Ørsta skisenter. Vegen vil gjere Ørsta til ein attraksjon for turistar verda over. Den utsikta er gull verdt, skriv Vatne i interpellasjonen.

Laber sesong

Han stiller spørsmål ved om slitet og pengane det kostar å halde skisenteret ope om vinteren, er verdt det.

– Årets skisesong er over, og Ørsta skisenter vil igjen måtte vise til ein laber sesong. Mengder med kunstsnø har vorte produsert og regna vekk. Eldsjeler og tilsette legg ned ein stor innsats, men er det verdt slitet og kronene dette kostar? spør han, og legg til at han har tenkt ein del på kva som bør verte gjort for å få meir aktivitet og inntening på Bondalseidet.

Største eigar

–Dette er idear som har vore oppe før. I samband med masterplan for reiseliv vil ein veg opp til Eitrefjell vere ei satsing som vil vise att langt utover Ørsta sine grenser. Vegen bør gå i råsa til turløypa frå nedre til øvre heisstasjon. Denne vert trakka om vinteren, og er såleis ein trasé allereie i dag.

Vatne meiner at denne diskusjonen bør Ørsta kommune, som største eigar av selskapet ta, saman med grunneigarar og tilsette ved Ørsta skisenter, næringskontoret og reiselivet.

10 millionar

– Kostnad er ein vesentleg faktor i alle prosjekt, og ein slik veg vil nok kome på rundt ti millionar kroner. Dette må sjølvsagt verte rekna på av kyndige folk i anleggsbransjen. Det hastar å då dette på plass, med den satsinga på turisme som vi er vitne til i Ørsta. Vil ordføraren ta tak i dette? spør han.

Ordføraren skal svare på interpellasjonen i kommunestyremøtet 15. juni.