Om det er like enkelt på heimebane, skal vere usagt. På Vinjevoll deler Ørsta IL friidrett sin primus motor og leiar hus med kona Linda og fire døtrer, men på friidrettsbana er det Olve Øyehaug som er sjefen.

– Men det hadde ikkje gått utan Linda. Vi deler på å koordinere ting. Med fire barn må vi samarbeide for å få tid til alt. Ho er god på å legge til rette. Sjølv var eg aldri nokon stor idrettsmann eigentleg. Eg var rask og aktiv, både med sykling og slalåm, men det vart aldri noko meir, seier han, og kikar ut vindauget frå klubbhuset på Ørsta Stadion.

Nede på bana er sju unge utøvarar i gang med oppvarming, i lett duskregn – på ein fridag. Det er snart stafett.

Musikar

Det var musikar han skulle verte. Det starta med Dei Tre Vise Menn. Olve, søskenbarnet og ein klassekamerat. Olve på gitar og song. Han var 12 år.

– Om vi ikkje var så gode, så var det i alle fall veldig artig.

Han følgde opp med Olve Ivar’s då han vart eldre. Målet var å verte like kjende, om ikkje større, enn dei meir etablerte Ole Ivars. Men det var ikkje danseband som var greia.

– Vi spelte punk/rock. Så veldig vakkert var det nok ikkje. Ikkje var vi så veldig flinke heller, og det viste seg at Ole Ivars nok appellerte til eit større publikum enn oss.

Auga går automatisk ned mot dei sju som joggar i lett tempo rundt den 400 meter lange bana. Friidrett og Olve Øyehaug er synonymt i Ørsta. Det starta då han som utflytta ørsting tok til vitet og flytta heim frå Bergen med familien. Dei to eldste døtrene vart med søskenbarnet på friidrett, og Olve vart raskt engasjert. Sidan balla det på seg. Det vart både trenarkurs og dommarkurs, og klubben har vakse seg stor.

– Det var mest tilfeldig at eg hamna i friidretten, men det har vore ni givande år.

Han har aldri sett seg tilbake. To-tre gongar i veka er han på plass på stadion, alltid med joggesko, treningsbukse, lag-genser og runde briller. Som tolmodig lærar, hjelpar og motivator.

Han var rask sjølv også. 60-meteren var unnagjort i ein fei, men noko tid har han ikkje på det.

– Eg har tenkt på det. At eg gjerne skulle ha satsa på friidrett då eg var ung. Hadde eg berre visst det eg veit no. Men slik vart det ikkje. Eg klarer nesten å halde følgje med dei eldste på laget når dei spring 60-meteren. Men det er noko som skjer med kroppen når han vert eldre. Eg vert 50 år i år. Eg tør ikkje å gi alt, om eg til dømes prøver meg på lengde. Kroppen er sprøare. Eg vil ikkje risikere at noko skal ryke.

Cowboy

Tilbake til Bergen. Det var her Olve Øyehaug tok utdanninga si. Han er IT-ingeniør. Det vart 3,5 år i South Dakota også. På prærien, som han seier sjølv, for å ta mastergrad, og det siste året som lærar på universitetet.

– Det var cowboyland med alt som høyrer til av boots og hattar. Og motorsyklar.

Hestekrefter. Tempo. Fokus. Kanskje det er dette som har gjort friidretten til ein naturleg livsveg.

Nyleg starta sesongen for fullt. Ein fin maidag ved Ørsta ungdomsskule inviterte friidretten til gateløp. 125 deltakarar stilte til start. Ny rekord. Ingenting gler Olve Øyehaug meir. Han er pedagogen. Held seg alltid roleg. Deler dei 125 deltakarane opp i lag etter alder, og får alle i gang. Heiar alle i mål.

–Det er det som er det fine med friidrett. Alle kan finne noko dei er gode på, enten dei er raske, hoppar høgt, kastar langt, eller om dei er seige og kan springe langt. Uansett kroppsfasong eller form. Her kan alle finne noko. Løna er å sjå gleda når dei unge meistrar noko. Eg treng ikkje meir enn det. Det er god løn for frivillig arbeid.

Lagspel

Han er ikkje aleine om å drage lasset. Å drive med friidrett krev kjennskap til dei ulike greinene. Skal du kaste spyd må du vite korleis du gjer det. Skal du hoppe hekk må du kunne den rette teknikken. Små detaljar kan gi gull.

Vi har flytta oss ut frå klubbhuset og ned på løpebana på stadion.

– Øv på vekslingane. Sparer de nokre tidelar ved kvar veksling, vert det to gode sekund når de kjem i mål, ropar Olve til dei som er ute på bana og øver stafett.

Her nede går Svein-Egil Johannessen også – uansett vêr og vind – uansett tid på døgnet. Han er kasttrenar og sportsleg leiar. Stiller opp for ungdomen og friidretten. Han som tenkjer friidrett heile døgnet, også på julaftan, ifølgje dei som kjenner han godt.

Erik Drange Tønnessen er fysioterapeut og tidlegare noregsmeister i mangekamp. Han er trenar i dei tekniske øvingane, som hekk, høgde og lengde.

– Og om dei unge får vondt, så veit han kva han skal gjere med det også.

Kari Lundestad Myrold var ein god sprintar. Ho har også stått på i ein mannsalder for å trene dei unge.

Trine Sørheim Skjeret er altmoglegkvinna som held oversikta. Ho kan alt, seier Olve. I tillegg har dei ei stor foreldregruppe som stiller opp både når det er treningar og stemne.

Sjølv held han styr på rekruttane og 10–12 årsgruppa, i tillegg til å ta mykje av det administrative.

– Eg har vore med å auke talet på aktive, men når det gjeld nivået på dei eldste utøvarane har eg ikkje så mykje eg skulle ha sagt. Der har vi dyktige trenarar. Dette er eit lagspel. Og når stadion er fylt opp av hundre rekruttar, då stiller også fleire foreldre opp på ulike postar. Vi har ei gruppe no som er godt drivne i å arrangere. Vi er avhengige av det, og det fungerer. Eg har fokusert på å gjere friidretten uhøgtidleg for dei yngste. Det skal vere morosamt å trene og konkurrere. Målet er at ingen skal føle at det er skummelt å byrje på friidrett. Her er alle like viktige, og alle kan få til noko.

Miljø

Dei har funne oppskrifta. Ørsta IL friidrett har fleire utøvarar som kjempar i toppen i si aldersklasse på landsbasis. I mangel på løpebane i Volda, er der også mange frå nabokommunen med. Det gjer miljøet i klubben større, og det er også med på å skape større trivsel.

– Utfordringa har vore å halde på ungdomen. Mange har slutta når dei har nådd tenåra. Men no har vi ei god gruppe. Det er mange år sidan ungdomsgruppa har vore så stor og god som no. Dei siste åra har det kome til fleire nye. Det set vi stor pris på, og der er plass til fleire! Dei har det så kjekt at dei held fram. Om det er fire ting som er viktige for oss, så er det dette, i prioritert rekkefølge: miljø, miljø, miljø og resultat. Og resultata kjem når dei er ein del av eit godt miljø.

Når Olve Øyehaug ikkje er på friidrettsbana, finn du han gjerne med ski på beina på veg opp til ein eller annan topp, eller ute i skiløypene. Om sommaren er han «pustande og pesande» på veg opp i Skåla. Å slappe av har han ikkje behov for, seier han sjølv. Tek han ein timeout er det for å lese avisa. Ei aktiv fritid kombinerer han med full jobb i Tussa, og med fire døtrer i hus frå alderen 6 til 16, er der alltid nok å gjere.

– Og så lenge dei er aktive, er eg aktiv. At klubben er stor no, vil ikkje seie at vi er store om nokre år. Dette går i bølgjer, men no har vi med oss dei rette folka, og då får vi det til. Vi har framleis med oss ringreven Arild Bjørdal. Han seier det godt. «Du må halde koken og aldri slappe av. Aldri tillate bølgjedalar. Bit tennene saman og hald ut. Stoppar du opp vert det vanskeleg å starte opp att.» Han har rett i det. Vi skal halde det gåande, og så lenge det er artig er eg med. Om det er fem år eller ti år til, det veit eg ikkje. Men det har ikkje vore ein kjedeleg dag til no.