– Eit utvida og meir aktivt hamnedistrikt er ei strategisk utviklingsak der kommunen kan ta aktive grep som brei samfunnsbyggar, og har samtidig ei klar

forretningsmessig side. Fleire kommunar har kommunale eller interkommunale føretak eller selskap der hamneselskapet er ein viktig samfunnsaktør, som inneber aktiv forvaltning av sjøareal, infrastruktur og forretningsverksemd med fleire arbeidsplassar, skriv prosjektleiar Per Ivar Lied i Ørsta kommune i ei utgreiing til formannskapet.

Kommunestyret gjorde i 2001 eit prinsippvedtak om å etablere eitt felles hamnedistrikt for Ørsta. Eit felles hamnestyre for hamnenemnda i Ørsta og hamnenemnda på Vartdal tilrådde då eit felles hamnedistrikt og ei utviding av hamnedistriktet til å gjelde heile kommunen.

Eiga utgreiing

No foreslår administrasjonen at det blir oppretta ei arbeidsgruppe for dette, med to medlemer frå administrasjonen, ein frå Ørsta næringskontor og to eller tre formannskapsmedlemer. Det skal så leggast fram ei utgreiing om ei felles hamnedistrikt før handsaming av kommunebudsjettet for neste år.

Element som vil inngå i ei slik utgreiing vil vere organisering/organisasjonsmodell, overordna spørsmål (forretningspotensiale, samfunnsmessige omsyn, satsing/samarbeid med fylke og stat om utvikling av hamne- og sjøområde), forslag til hamneforskrift/føresegner, forslag til hamneregulativ/forretningsvilkår, prisliste og anna.

Nye moglegheiter

Nye statlege føringar gir større moglegheiter for kommunane i hamneforvaltninga, skriv Lied.

– Den nye hamne- og farvasslova frå 2010 med endra føreskrifter frå 2012 gir større mynde og mulegheit til kommunane å drive forretningsmessig verksemd i hamneforvaltninga, i tillegg til sjølve myndigheitsutøvinga.

Saka blir handsama i formannskapet i dag, tysdag.