Det har også tidlegare vorte vurdert å opprette ei slik introduksjonsklasse, men skuleseksjonen fann det ikkje føremålstenleg den gongen.

– Situasjonen inneverande og førre skuleår har gradvis vorte så vanskeleg for einskild-elevar og skular at seksjonsleiar skule no ikkje lenger finn det forsvarleg å halde fram som før, skriv Kirsti Øy Driveklepp, seksjonsleiar skule, i ei utgreiing til formannskapet.

Fleire elevar, færre timar

Talet på minoritetsspråklege elevar i kommunen har auka kraftig dei siste åra, som følgje av familiesameining og arbeidsinnvandring. Fram til 2007 var statstilskota til undervisninga for minoritetsspråklege elevar øyremerka. Etter den tid har dette vorte lagt inn i kommunen si totale ramme. Ressursane til slik undervisning fall brått frå 3.693 timar i 2006 til 1.383 timar i 2007.

Dagens system legg opp til at norskundervisninga til dei minoritetsspråklege elevane skal leggast til dei ordinære norsktimane i skulen, i tillegg til nokre timar med tospråkleg assistent.

– Dette betyr i praksis at når vi ser bort frå om lag 2–3 timar per skuledag, vil elevane store delar av skuleveka vere til stades i klasserom, friminutt og SFO utan hjelp til å forstå noko av det som skjer eller vert formidla fagleg og sosialt av vaksne eller born. Nokre av elevane har takla dette, andre har drege seg inn i seg sjølv eller vist utagerande åtferd. Skular og skulekontor har sett at dette er uheldig både for læring, integrering og førebygging av utanforskap. Men ressurstilgangen har vore så svak at der likevel ikkje har vore/ er meir å yte når timar til ordinær undervisning og spesialundervisning har vore fordelt, skriv Driveklepp.

Velle skule

Difor meiner ho det er naudsynt å opprette ei introduksjonsklasse. Klassa må vere svært fleksibel på grunn av variasjonar i talet på og samansetting av elevar. Minstebemanning med dagens elevtal vil vere to lærarstillingar og to tospråklege assistentar, i ulike språk etter behov.

– Men dette er usikkert, vi vil måtte prøve oss fram, skriv seksjonsleiar.

Elevane skal gå i introduksjonsklassa i maksimum to år. Den språklege framgangen vil avgjere kor fort dei kan bli overførte til nærskulen.

Den nye klassa medfører ein kostnad på 1.167.000 kroner i 2017 og minimum 2,8 mill. kroner i 2018. Planen er at den nye klassa skal leggast til Velle skule. Ein del av pengane vil kome i form av statlege integreringstilskot.

– Sentrumsskulane, som frå før har ein utfordrande situasjon og også får dei fleste av desse elevane, har ikkje rom der undervisninga for dei minoritetsspråklege elevane kan gå føre seg. Likevel må ei slik introduksjonsklasse verte plassert i Velle skule, nær leiinga sine kontor (av beredskapsomsyn) og nær opplæringssenteret der foreldra deira får si undervisning. Rask start på nybygging av klasserom ved Velle skule, er difor tvingande naudsynt også av denne årsaka. Frå og med hausten 2017 og til desse nybygde klasseromma står klare, vil Velle skule måtte flytte deler av kunst- og handverksundervisninga til underetasjen i Kulturhuset for å kunne frigjere eit rom til introduksjonsklassa, skriv Driveklepp.

I formannskapet tysdag

Saka, og framlegget til å løyve ekstra midlar til ei introduksjonsklasse, kjem opp i formannskapet i dag, tysdag. Ho skal også handsamast i levekårsutvalet før kommunestyret gjer endeleg vedtak 15. juni.