Roppen ynskjer ikkje nokon omkamp på styret sitt strategivedtak, der det heiter at Høgskulen i Volda skal stå åleine, og satse på samarbeid og alliansar med institusjonar som Høgskulen i Molde og Universitetet i Bergen.

Roppen kjem med denne presiseringa på sin eigen blogg etter at seks tilsette ved avdelinga for mediefag førre veke stilte spørsmål ved Høgskulen i Volda sin vedtekne strategi. Dei ser føre seg at Høgskulen i Volda kan fusjonerast med NTNU i Trondheim.

– Dette er etter mi meining ikkje spesielt godt gjennomtenkt, utspelet er ikkje drøfta på dei aktuelle avdelingane og kan oppfattast som eit heilt unødvendig initiativ til omkamp, skriv rektoren på bloggen sin.

Roppen viser til at det under strategiarbeidet vart lagt opp til ein høg grad av medverknad frå dei tilsette si side. Roppen meiner eit utspel som dette burde ha kome då.

– Høgskulen i Volda har hatt ein brei og open diskusjon omkring framtidig samarbeid i fleire år. Det var også tema i strategiarbeidet som engasjerte fleire enn hundre tilsette på høgskulen i fjor haust. Vi hadde ei rekkje møte i strategiarbeidet. Kvifor vart ikkje ideen om fusjon med NTNU fremja då? Det kan seiast veldig mykje bra om NTNU, og vi har og har hatt ei rekkje samarbeid med NTNU og andre høgskular og universitet i inn- og utland. Men det er ikkje ein god ide at NTNU skal overta Høgskulen i Volda, insisterer Roppen.

På bloggen skriv han mellom anna at samarbeidsavtalen med Universitetet i Bergen ikkje er nokon detaljert avtale, men at han legg rammer og forventningar om samarbeid.

– Det er altså opp til fagmiljøa å fylle avtalen med innhald, og i leiinga prioriterer vi ressursar for å oppfylle avtalen. Det er altså lagt opp til samarbeid nedanfrå, nett slik brevskrivarane ønskjer, seier Roppen.

Han er tydeleg på at han ikkje vil ha nokon omkamp.

– Vi har og skal ha ein open debattkultur på HVO. Men det er også ein fare for at den kan utnyttast til å ta unødvendige omkampar. Det kan bli lite framdrift og mykje frustrasjon av det. Eg meiner også at det må gå an å føre debatt om høgskulens framtid og vegval utan å snakke ned institusjonen og arbeid som har foregått på andre avdelingar, seier Roppen.