Denne veka fekk brannvernet på Sæbø overrekt ein hjartestartar til å ha i brannbilen. Det var Bondalen helselag som tok initiativ til gåva.

– Helselaget ser det som viktig at vi har ein mobil hjartestatar som kan følgje brannvernet på oppdrag. Vi veit at andre brannvern har dette, seier Jannicke Myklebust i helselaget.

Dei fekk Bellingen og Jon Arne Årseth på Sæbø til å dele på kostnadene med hjartestartaren.

Torbjørn Slettedal i Sæbø brannvern er glad for gåva.

– Nokre av oss kan det elementære med bruken av ein hjartestartar, og vi skal syte for at alle mannskap skal få naudsynt opplæring, seier Slettedal.

Det er tidlegare prova at hjartestartarar bergar liv.

– Det vert no også arbeidd med at naudvarslingssentralane skal få oversikt over kvar det er slike, fortel Myklebust.