Det viser ferske tal frå Kommunestatistikken 2017, som blir utarbeidd av Møre og Romsdal fylkeskommune.

Frå 2015 til 2016 hadde både Ørsta og Volda nedgang i sysselsettinga. For begge er nedgangen mellom 0 og 2 prosent.

Dette er likevel ein relativt svak nedgang, særleg om samanliknar med andre delar av Søre Sunnmøre. Ytre Søre Sunnmøre har tapt over 700 arbeidsplassar eller nesten seks prosent på eitt år. Ulstein har den klart sterkaste nedgangen, følgt av Hareid og Herøy. Sande har ein svak oppgang i sysselsettinga.

– I tillegg er det ein svakheit i statistikken at sjøfolk på båtar registrert i desse kommunane som bur i andre kommunar ikkje kjem med i desse tala. Det er derfor trygt å seie at nedgangen i arbeidsplassar med «base» i denne regionen er større enn statistikken viser når vi veit korleis det har gått med dei mange offshorereiarlaga i regionen, skriv fylkesplansjef Ole Helge Haugen i ein kronikk.

Ørsta er framleis ein av kommunane med lågast arbeidsplassdekning (altså tal på arbeidsplassar samanlikna med tal på arbeidsføre innbyggjarar), og det er framleis Ulstein og Volda som har flest arbeidsplassar samanlikna med innbyggjartalet. Arbeidsplassdekninga i Volda auka med 4,1 prosent frå 2010 til 2016, medan ho gjekk ned med 2,4 prosent i Ørsta i same perioden. Ulstein har ein langt sterkare nedgang, med 8,6 prosent.

Pendling

1006 personar pendla frå Ørsta til Volda i 2016, medan 75 pendla frå Volda til Ørsta. 191 ørstingar pendla til Ålesund, medan 171 pendla til Ulstein. Andre vegen pendla 59 ålesundarar til Ørsta og 61 ulsteiningar til Ørsta.

– Det er teikn som tydar på at botnen no er nådd når det gjeld sysselsetting. Det er ei viss optimisme innanfor den mest oljeavhengige delen av næringslivet og enkelte aktørar har lykkast med ei omstilling frå olje over til andre sektorar. Vi må likevel forvente ein svekka befolkningsvekst dei neste åra, ja kanskje til og med nedgang i enkelte kvartal, slik vi såg det i 1. kvartal 2016. Nedturen i arbeidsmarknaden i Møre og Romsdal vil altså få verknader som varer utover den perioden der pilene peika nedover når det gjaldt arbeidsplassar, skriv Ole Helge Haugen.