Det skriv Hilde Steinnes i ein e-post til teknisk sjef Rolf Magnus Sundgot i Ørsta kommune.

Steinnes fortel at då venteromet vart rivet, forsvann sykkelstativet også, at det no ikkje er anna moglegheit for å låse fast sykkelen sin, enn å låse han til eit busskilt eller til det nye busskuret som har kome opp. Steinnes har også opplevd å verte fråstolen sykkelen sin, men fortel at ho heldigvis fekk han tilbake frå politiet, like heil.

– Men eg hadde sett stor pris på eit sykkelstativ der eg kunne låse fast sykkelen, skriv ho.

Sundgot takkar Steinnes for påminninga om sykkelstativ.

– Dette vil vi gjerne få til så raskt som mogleg, dette også for å kunne stimulere til meir bruk av sykkel og offentleg kommunikasjon/buss. Det positive er også betre helse og mindre behov for parkeringsplassar i sentrum ved bussterminalen. Vi har planar om både sykkelstativ med takoverbygg og servicebygg med garderobe, wc og dusj for åkunne motivere, stimulere og applaudere til meir bruk av sykkel til/frå Ørsta sentrum, både til arbeid i sentrum og kollektivreise vidare til lengre reiser eksternt, melder Sundgot.

Han legg også til at kommunen også jobbar med å kunne få til ein «stasjon for sykkelutleige» ved framtidig utvikling av bussterminalen.