– Ut frå ei samla fagleg og økonomisk vurdering vert det ikkje oppretta midlertidig tilbod for fem barn på Sæbø, skriv administrasjonen i ei tilråding til Ørsta formannskap.

Saka skal opp i møte tysdag.

– Ved å opprette ei kortsiktig utviding av barnehagetilbodet på Sæbø, vil vi få ein dominoeffekt som vil påverke dei fleste barnehagane våre. Vi vil også få fleire barn som skal bruke uteområdet til Sæbø barnehage. Her er det leikeapparat som er like gamle som barnehagen, og som treng oppgradering. Mange andre spørsmål vil også dukke opp: Kva vil dette ha å seie for Liadal barnehage ? Og kva vil det ha å seie for Ørsta sitt totale tilbod om barnehageplassar? Kva verknad får det for kommunen om eigarane av Liadal barnehage vel å legge ned drifta si? Så lenge Liadal barnehage er i drift har vi nok barnehageplassar til alle som har rett til barnehageplass.

Dei økonomiske utrekningane viser at ei oppretting av ei avdeling for fem born på Sæbø vil koste kommunen 1.044. 770 kroner. Dersom føresette til fem barn heller vel å nytte seg av barnehageplass i Volda vil kommunen få ei nettoutgift på omlag kr 457 000,00.