Her fekk dei frammøtte sjå både kvadrilje, kostymeriding/saftritt, og det var sjølvsagt også høve til barneriding.

Vestri – Volda og Ørsta Islandshestforening – vart stifta i 1987 med Knut Nautvik som formann i første styret. I statuttane heiter det at Vestri skal arbeide for islandshesten sitt fremme. Gjennom å samle islandshestvener og auke kjennskapen til denne hesterasen, ynskjer foreininga å auke rasen si utbreiing. Dei arrangerer stemne og kurs og bevarer islandshesten sin eigenart gjennom rein avl.

Alle hesterasar har grunn-gangartane skritt, trav og galopp. Islandshesten kan ha to til: tølt og pass. Ikkje alle islandshestar har pass, dei blir då kalla 4-gjengarar. Dei hestane som har pass, blir kalla 5-gjengarar.

– Fleire eldsjeler har gjennom åra vore med og bidratt til mange kjekke arrangement, som medlemskveldar, rideturar, kurs og lokale klubbstemner. Jubileumsdagen vår skal handle om å introdusere og vise fram den kjekke og allsidige hesterasen vår og feire at foreininga er 30 år, sa programleiar Kristina Leite.

Ein ekvipasje består av ein hest og ein ryttar. Den kvadrilja som viste seg fram på Soltun gard søndag bestod av seks ekvipasjar og dei viste eit program i ulike mønster til musikk. Dei synte fram tølt, den mest populære gangarten til islandshesten. Her sit ryttaren ganske stille i salen sidan hesten går med minst eit bein i bakken til ei kvar tid. Dette har gjort øltølt til ein populær aktivitet, der det er om å gjere å ri rundt med eit glas øl utan å søle. På Soltun vart leiken gjort meir familievennleg, med saftritt, der Jenfrid Vikenes gjekk av med sigeren.

– Foreininga hatt mange eldsjeler og vi vil i dag framheve to av dei som har gjort ein formidabel innsats for Vestri, sa Kristina Leite, og fekk Torild og Roar Driveklepp inn på bana, til stor applaus.

– Vi kan takke dette paret for at foreininga framleis består. Dei har alltid teke i mot hest og hestefolk med opne armar og mange har vorte smitta av deira engasjement, helsa Leite.

Leiar Torunn Hjelvik, takkar på vegner av Vestri, Torill og Torbjørn på Soltun gard, for å stille garden til disposisjon for jubileet.