Mannen var tiltalt for kjøp av 100 gram cannabis i Oslo i 2015. I retten møtte mannen og erkjende seg straffeskulding etter tiltalen. Mannen forklarte for retten at han var klar over at han kjøpte cannabis, men at han ikkje har noko ønskje om å utføre nye lovbrot. I forklaringa til mannen kom det fram at han ikkje har brukt narkotika på eitt og eit halvt år, og at i dag tek avstand frå narkotika.

Grunna tilståinga til mannen i retten fekk han tilståingsrabatt, i tillegg til at det vart lagt vekt på at saka hadde blitt gammal før den kom opp. Påtalemakta føreslo at straffa vart 45 dagar i fengsel, der fullbyrdinga av straffa vert utsett med ei prøvetid på to år. Retten la til grunn at lovbrotet isolert sett ville gje fengsel i om lag 60 dagar.

I Søre Sunnmøre tingrett vart mannen dømd til fengsel i 30 dagar. Fullbyrdinga av straffa vart utsett med ei prøvetid på to år. Mannen erklærte av han vedtok dommen.