– Vi har både kommunen og Kystverket med på laget, og det er fire år sidan vi byrja arbeidet med området her. No er eit nytt anlegg på plass, men det hadde ikkje skjedd utan dugnadsarbeidet som medlemmane i laget har lagt ned, seier nestleiar Åsmund Nilsen i Vartdal småbåtlag.

I dag kan småbåtlaget skilte med femti båtplassar i småbåthamna, og talet på medlemmar i laget er nesten like stort som talet på båtplassar. Etter at utvidinga av småbåthamna vart ferdigstilt opplevde laget ei auke i talet på medlemmar. Båtplassane er for det mest fylt opp, og økonomien i laget er god.

– Vi har jobba mykje for å få dette til, og dei som har bidrege fortener skryt og dugnadsånda er god.

Vartdal småbåtlag - dieseltank . leiar Roar Sætre og nestleiar Åsmund Nilsen

Dieseltanken er no på plass i småbåthamna, og onsdag føremiddag fylt Bunker Oil den opp.

– Hovudsakleg er dette eit tilbod til medlemmane i laget, både privat og næringsdrivande, men dei som nyttar seg av gjestebrygga skal og få lov til å bunkre, seier Nilsen.

I tillegg til dieseltank og utviding av småbåthamna har Vartdal småbåtlag også fått opp eit servicebygg.

– Bygget er ope for medlemmar å bruke, og her kan dei sette seg ned, slå av ein prat og kose seg. I tillegg vert det gjennomført kurs her. Vi har eit eige rom til å fylle oksygenflasker for dykkarar, toalett og opphaldsrom med eit lite kjøkken.

Mykje har blitt gjort av småbåtlaget på Vartdal dei siste åra, men laget er ikkje heilt i mål endå.

– Det står framleis att litt småting som vi skal ferdigstille, men dette tenkjer vi å gjere utover hausten.