Det er i eit ope brev, publisert på akademia-nettavisa Khrono, at seks tilsette ved Avdeling for mediefag uttrykker uro over strukturdebatten ved høgskulen, og over at ei samanslåing med NTNU i Trondheim ikkje har vorte vurdert.

Utfallet av strukturdebatten ved høgskulen vart at Høgskulen i Volda skal halde fram som sjølvstendig einig, og ha eit formelt samarbeid med Universitetet i Bergen. HVO er ein av tre høgskular i landet som har valt å halde fram utan fusjon. Dei andre er Høgskolen i Molde og Høgskolen i Østfold.

Forfattarane av brevet meiner at avtalen med UiB ikkje er ei god løysing, og for mediefaga sin del utan forankring i fagmiljøa. I tillegg er UiB og HVo i ein konkurransesituasjon på mediefag, og det er difor store negative sider ved ei eventuell samanslåing med UiB, meiner dei.

Ifølgje forfattarane blir HVO no straffa fordi skulen ikkje vart del av ein fusjon, i form av reduserte budsjett og færre stipendiatstillingar. Dei ser store fordelar i å sjå mot Trondheim, og ber styret starte ein fusjonsprosess med NTNU snarast.

Rektor Johann Roppen seier til smp.no han er overraska over at det kjem eit slik utspel no.

- Det er mange år sidan NTNU var eit alternativ som vart diskutert på denne måten, og eg meiner det både er for seint no - og vidare at det ikkje er spesielt godt grunngjeve. Det vil overraska meg mykje om dette blir noko av, seier han i ein kort kommentar.

Les heile det opne brevet hos Khrono.