Mattilsynet føreset at Bondalselva Camping på Sæbø knyter seg til den kommunale vassforsyninga innan kort tid.

Det skjer etter eit tilsyn, der Mattilsynet fekk stadfesta at vassforsyninga er frå eit lokalt oppkome. Vatnet har ingen form for desinfeksjon, og vert pumpa direkte frå kjelda og ut på leidningsnettet som leier til sanitærbygg, ein tømmestasjon for bubiltankar, seks hytter og to tappepunkt.

Mattilsynet er kjende med at verksemda har konkrete planar om å knyte seg til den kommunale vassforsyninga på Sæbø. Dette skal vere ein enkel operasjon, og verksemda har tidlegare vore abonnent av dette vassverket.

Mattilsynet forventar at Bondalselva camping no følgjer drikkevassføresegnene, og knyter seg til det kommunale vassverket i løpet av kort tid.