Alle kommunar i Møre og Romsdal skal få kvar si politikontakt i politiet. At kommunane skal si eiga politikontakt, er ein del av politireforma.

Politimeister Ingar Bøen går no ut med informasjon til alle kommunane i fylket om dette. Han fortel at politikontakten skal vere det daglege leddet mellom kommunane og politiet, og skal vere rådgjevande når det gjeld arbeid med å førebyggje kriminalitet i kommunen.

Hovudoppgåvene for politikontakten vil vere å syte for oppfølging av kriminalitetsførebyggjande strategi, og politiet si nærpolitirolle. Vere pådrivar fir at politirådet og SLT-samarbeid fungerer i aktuelle kommunar. Vere eit av dei viktigaste kontaktpunkta mellom politiet, befolkninga og dei ulike aktørane i den einskilde kommunane, og gje råd om tiltak om førebygging.