– I den grad det er naturleg å tenkje seg eit sentrum i Vartdal, så ligg det omsøkte arealet sentralt, kommenterer fylkeskommunen om forvarslinga til detaljreguleringa for Grønnevetbakkane på Varttdal.

Reguleringsføremålet er bustader er nærong.

Fylkeskommunen poengterer at sentrumsliknande aktivitet skjer i dag på andre sida av E39, og at det må leggjast stor vekt på kva Statens vegvesen har merknader til i denne saka.

Planområdet kan ha potensial til seg til å ha automatisk freda kulturminne. Det vert difor stilt krav om arkeologosk registrering. Det vert rådd til at denne vert gjennomført så raskt som råd i planprosessen.

Når det gjeld detaljhandel, minner fyleskommunen om den regionale delpanen for attraktive byar og tettstader. Kommunenvert bedne om å avgrense detaljhandel til å vere under 3.000 kvm.