Under leiing av prosjektleiar Espen Kolbræk og gartnar Helen Holte, har fire av deltakarane i Volda kommune sitt introduksjonsprogram fått verdifull arbeidspraksis og ein unik språkpraksis.

For berre eit par år sidan var fleire av deltakarane våre på flukt i sine eigne heimland. Under særs farlege og krevande forhold greidde dei å kome seg i tryggleik i Noreg. Samtidig som dei kunne gle seg over nyvunnen fridom og tryggleik, møtte dei ei anna utfordring som dei knapt kunne ha forestilt seg på førehand. Deira nye tilvære skulle verte som å kome til ein annan planet. Der dei før hadde vore kunnskapsrike og hardtarbeidande i primærnæringane i heimlanda sine, vart dei plutseleg framandgjorde og magre på aktuell kunnskap i møte med det moderne, norske informasjonssamfunnet.

Denne typen deltakarar er det fleire av mellom flyktningane. Dei er rike på kunnskap og erfaringar som i deira eigen kultur ville gi dei eit godt fundament å bygge på. Men når krig eller anna undertrykking jaga dei ifrå det livet dei hadde, mista dei ikkje berre det dei eigde; i møte med den nye verkelegheita gjev manglande skulegong og språklege utfordringar dei eit fjell av motgang.

Kimen sosiale entreprenør søkjer å skape ei bru mellom denne gruppa og det norske samfunnet. Gjennom praktisk arbeid i drivhuset, med arbeidsoppgåver som deltakarane ikkje berre kjenner til men faktisk har mykje erfaring med, skaper ein deltaking, meistring og livskvalitet. Deltakarane får kjennskap til forventningane norsk arbeidsliv stiller til dei, dei får øving i formalkrav som å fylle ut timelister, eigenmeldingar og liknande, og dei får det som kanskje er mest verdifullt: språktrening i eit reelt arbeidsmiljø, ikkje berre den meir abstrakte læringa i klasserommet.

Mellom dei ulike faginstansane som jobber med integrering av flyktningar seier ein ofte at språket er nøkkelen til integrering. Og dette er sant. Men korleis kan ein tileigne seg eit tilfredsstillande nivå av norsk dersom ein på grunn av manglande skulegong ikkje har strategiane som krevst for å nå dette målet gjennom eit skuleløp? Det er nettopp her Kimen står fram som ein ideell arena. Gjennom eit nært samarbeid med Volda læringssenter og norsklæraren til dei aktuelle deltakarane, får dei eit program der skulegong og livsnær praksis går hand i hand. Læraren underviser i klasserommet, og fyl i tillegg deltakarane ut i praksis to gonger i veka. Han kan då knyte saman det som skjer i praksis med det som vert undervist i klasserommet. Verb og verbtider, substantiv og adjektivbøying buktar seg rundt deltakarane i takt med agurken som strekk seg mot sola. Resultatet er ei forløysing av språket i deltakarane som fører til meistring, som igjen fører til motivasjon og auka innsats for å nå målet med introduksjonsprogrammet, som er å få seg ein jobb og stå på eigne bein.

Sosialt entreprenørskap har blitt ei storsatsing fleire stader i Europa, i takt med forventningane til ei omlegging i måten vi skaper verdiar på i verda. Slik sett er deltakarane i Kimen heilt i front som deltakarar i vår tids store grøne skifte. Dei har i skrivande stund sådd og planta rundt 25 000 planter i drivhuset på Folkestad, og er straks klare til å opne dørene for alle i nærområdet som ynskjer å handle kortreist. Tomatar, agurkar, kålplanter og urter, sommarblomar og tomatplanter; alle dyrka fram av kyndige menneske som ynskjer å bidra i sitt nye heimland. Dei skaper sin eigen arbeidsplass, bidreg til å finansiere sin eigen praksis, og gir meg og deg eit kortreist og miljøvennleg produkt. Inntekta dei skaper for Kimen, går tilbake til ei vidare langsiktig drift som kan utvikle denne arenaen for nye deltakarar. For dei som er der no vert Kimen som eit frø ein sår i jorda. Når det har blitt vatna, gjødsla og fått tilstrekkeleg med varmande lys, er planta sterk og kan bere frukt. Draumen om eit sjølvstendig liv utan behov for offentleg hjelp er innan rekkevidde!

Du kan følge Kimen på Facebook, både til inspirasjon og for å informere deg om produkta og opningstidene deira.

Per Erling Parr SætreAdjunkt, Volda læringssenter