27. september set Møre og Romsdal politidistrikt i drift ein ny og avansert operasjonssentral i Ålesund. Det melder politiet i ei pressemelding. Samtidig med dette blir operasjonssentralen i Kristiansund lagt ned. Sentralen i Ålesund får dermed ansvar for heile fylket.

To månader seinare flyttar Møre og Romsdal 110-sentral inn vegg i vegg med politiet sin operasjonssentral.

AMK (113) skal framleis vere ved Ålesund sjukehus.

– Heilt sidan dei to politidistrikta vart slått saman 1. januar 2016 har det vore jobba med å få til ein ny operasjonssentral samlokalisert med brann i tilknyting til politiets hovudsete i Ålesund, seier konstituert politimester Ingmar Farstad i Møre og Romsdal politidistrikt i pressemeldinga.

Han påpeiker at Politidirektoratet har bidrege til prosjektet både finansielt og fagleg, og at det var avgjerande for å kome i mål.

– Politiet ser fram til å kunne samvirke endå tettare med brannvesenet, og vi meiner at dette vil gi beredskapsmessige gevinstar. Det er ein krevjande byggeprosess i ein bygningsmasse frå tidleg 1980-tal vi no ser enden på, seier Farstad.

Brannsjef Geir Thorsen i Ålesund er også verksemdsleiar i 110-sentralen.

– Dette kjem til å bli ei god løysing for oss og dermed også til det beste for innbyggarane i Møre og Romsdal, seier han i pressemeldinga.