Det seier Arnfinn Berg som sjølv er VG1-elev ved Ørsta vidaregåande skule dette skuleåret. Berg saman med fleire andre elevar er bekymra for utfordringa dei kan kome i neste år.

– Ved skulestart i 2016 tok Ørsta vidaregåande skule inn fire klasser med VG1 helse- og oppvekstfag. Når VG2 startar til hausten er signalet at det skal vere ei klasse med helsefagarbeidar og 15 plassar, ei klasse med barne- og ungdomsarbeidar med 15 plassar og ei klasse med helseservice med 15 plassar. Skulen vil då kunne stå overfor ei utfordring der 10–15 elevar som i dag går ved Ørsta vidaregåande må flytte og gå på ein annan skule, seier Berg.

Rektor Roger Fylling er samd med Berg i at det må vere eit samsvar mellom VG1- og VG2- tilbodet ved Ørsta vidaregåande skule.

– I år hadde vi fire VG1-klasser ved helse- og oppvekstfag. Vi arbeider no med inntaket, og kor mange klasser det blir til hausten er ikkje klart. Det vi ser er at ein del elevar som går helse- og oppvekstfag vil gå vidare til andre retningar som vi ikkje har. Til neste år blir det tre klasser på VG2 med helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeidar og helseservice. Vi skulle ønskje at vi hadde tilbod om utdanning innan hudpleie og frisør, men vi må stelle oss til utdanningsløpa som vi har, seier Fylling.

Ifølgje rektoren viser både statistikken og historikken at enkelte elevar som tek VG1 i Ørsta vil gå vidare til andre tilbod og utdanningsløp ved andre skular. Difor er rektoren glad for at Ørsta vidaregåande skule kan tilby VG2 helseservice til hausten.

– Det har vi arbeidd for og er glade for er på plass. Slik eg har forstått signala vert det ei full klasse på helseservice, og vi tolkar det slik at tilbodet har blitt godt teke imot. Samtidig har vi behov for fleire VG2-liner og der arbeider vi med å få til. Det vi har måtte gjort tidlegare om veldig mange ønskjer seg til oss er å opprette fleire klasser.

Fylling meiner at Berg har gjort gode refleksjonar rundt tematikken han tek opp.

– Vi har m.a. tre VG2-løp under teknikk og industriell produksjon. Difor er det viktig for skulen å marknadsføre VG1-lina slik at mange søkjer seg til VG2-tilboda. Så kan nokre spørje seg kvifor vi gjer der, og svaret er at næringslivet seier at dei treng denne typen arbeidskraft. Det same gjeld innan helse- og oppvekstfag. Refleksjonen som er gjort her er god, og det må vere eit samsvar mellom VG1- og VG2-tilboda, seier Fylling.