Dette er den tredje singelen frå det nye albumet til Lystad Johansen, som skal vere klart til hausten.

– Etter to singlar som lenar meir mot countryrock, er «Never Break My Heart» ein meir jordnær låt. Låten handlar om søket etter «den rette», og alle omvegane dei fleste må gjennom før dei kjem i målet.

Tekst og melodi er av Johansen sjølv, og låten er spelt inn i samarbeid med Hans-Christian Humberset.