Venteliste: Fem born fekk ikkje plass på Sæbø barnehage ved årets opptak. Desse har i staden fått tilbod om barnehageplass i sentrum.
            (Foto: Janne-Marit Myklebust)

Venteliste: Fem born fekk ikkje plass på Sæbø barnehage ved årets opptak. Desse har i staden fått tilbod om barnehageplass i sentrum.Foto: Janne-Marit Myklebust

Får lagt fram sak om Sæbø barnehage

Formannskapet vil ha ei eiga sak om Sæbø barnehage til neste møte.

Målet er å prøve å finne ei løysing slik at dei som ønskjer å ha borna sine i barnehagen får plass. Det var Synnøve Rekkedal Hill (Sp) som fremja forslaget om å få utarbeidd ei sak.

Under formannskapsmøtet i førre veke orienterte Reidun Mo, seksjonsleiar barnehage i kommunen, formannskapet om opptaket og situasjonen for barnehagane i Ørsta.

Det var 137 søkarar ved årets opptak. 102 born fekk førstevalet sitt, ni born fekk andrevalet sitt og 26 born fekk andre tilbod. Det har kome inn to klager på opptaket.

Barn i sentrum som ikkje får tilbod i sentrum, får tilbod om plass på Liadal barnehage. 13 born frå sentrum fekk i år tilbod om plass på Liadal.

Fem born fekk ikkje plass på Sæbø ved årets opptak. Desse har fått tilbod om barnehageplass i sentrum.

Det har vore engasjement rundt barnehagesituasjonen på Sæbø, og mange meiner noko må gjerast for å gi plass til alle borna i barnehagen.

Dersom dette skal gjerast, vil det få følgjer som kan gjere at Liadal barnehage mistar driftsgrunnlaget, sa Mo til formannskapet. Dersom dei fem borna på Sæbø får plass på Sæbø, vil sentrumsborn bli flytta frå Liadal til sentrum. Ein reduksjon på fem born vil utgjere eit tap på 770.000 kroner i tilskot for Liadal barnehage.

Nettokostnaden med å opprette ei avdeling på Sæbø vil vere om lag 620.000 kroner.

– Det er flott med utvikling både i sentrum og på bygdene. Men for oss må alle bygdene vere like viktig. Den som slit mest per i dag, er Liadal. Vi er forplikta til å bruke denne barnehagen så lenge han blir riven.

Dersom Sæbø barnehage skal utvidast, må kommunen ut og leige areal.

– Det er det ikkje rom for med dagens ramme, då må det ei løyving til, sa Mo.

– Er det mogleg å skalere ned Liadal barnehage? Det gir ikkje meining med ein barnehage med mange tomme plassar, om det er slik det er, sa Marit Aklestad (SV).

Rådmann Wenche Solheim sa at Liadal er viktig for å ha nok plassar å spele på i sentrum.

– Vi har nok plassar så lenge Liadal driv. Om dei legg ned, må vi gjere noko anna. Om de gjer ei politisk prioritering om utviding på Sæbø, så følger vi opp det. Men det er ikkje vår tilråding, sa ho.

Målet er at saka om Sæbø barnehage skal vere klar til formannskapsmøtet 30. mai.

Meir å lese på Møre-Nytt:

Møre-Nytt ynskjer ein open og sakleg debatt. Alle innlegg vert kontrollerte etter publisering. Innlegg kan verte forkorta, redigerte eller fjerna. Det fulle namnet ditt må anten gå fram av e-postadressa, brukarnamnet eller Facebook-profilen din.

Dette vert lest no:

Sokneprestane svarar Hans Reite

- I våre auge forkludrar Reite den heilt grunnleggande kristne tanken om at menneska er skapte i Guds bilete, sjølvsagt heilt uavhengig av til dømes seksuell legning.

Black Friday

Økonomen Thomas sparte 11.500

- Men gå ikkje inn og dra kredittkortet blindt

Må kutte 300-450 millionar

Dramatisk situasjon for sjukehusa i fylket.

Hans Reite og homofili

Homo-aksjon mot Nytt Livs senter

- Dei skal ikkje buse fram slik, seier Hans Reite.

Porsekjellaren er tilbake

Gjenopning av klassisk utestad

Håper på gangveg til Vatne

– For ti år sidan byrja eg å sykle frå Vatne til Ørsta. På desse ti åra har trafikken auka mykje. No vert eg engsteleg av å sykle denne strekninga.