Målet er å prøve å finne ei løysing slik at dei som ønskjer å ha borna sine i barnehagen får plass. Det var Synnøve Rekkedal Hill (Sp) som fremja forslaget om å få utarbeidd ei sak.

Under formannskapsmøtet i førre veke orienterte Reidun Mo, seksjonsleiar barnehage i kommunen, formannskapet om opptaket og situasjonen for barnehagane i Ørsta.

Det var 137 søkarar ved årets opptak. 102 born fekk førstevalet sitt, ni born fekk andrevalet sitt og 26 born fekk andre tilbod. Det har kome inn to klager på opptaket.

Barn i sentrum som ikkje får tilbod i sentrum, får tilbod om plass på Liadal barnehage. 13 born frå sentrum fekk i år tilbod om plass på Liadal.

Fem born fekk ikkje plass på Sæbø ved årets opptak. Desse har fått tilbod om barnehageplass i sentrum.

Det har vore engasjement rundt barnehagesituasjonen på Sæbø, og mange meiner noko må gjerast for å gi plass til alle borna i barnehagen.

Dersom dette skal gjerast, vil det få følgjer som kan gjere at Liadal barnehage mistar driftsgrunnlaget, sa Mo til formannskapet. Dersom dei fem borna på Sæbø får plass på Sæbø, vil sentrumsborn bli flytta frå Liadal til sentrum. Ein reduksjon på fem born vil utgjere eit tap på 770.000 kroner i tilskot for Liadal barnehage.

Nettokostnaden med å opprette ei avdeling på Sæbø vil vere om lag 620.000 kroner.

– Det er flott med utvikling både i sentrum og på bygdene. Men for oss må alle bygdene vere like viktig. Den som slit mest per i dag, er Liadal. Vi er forplikta til å bruke denne barnehagen så lenge han blir riven.

Dersom Sæbø barnehage skal utvidast, må kommunen ut og leige areal.

– Det er det ikkje rom for med dagens ramme, då må det ei løyving til, sa Mo.

– Er det mogleg å skalere ned Liadal barnehage? Det gir ikkje meining med ein barnehage med mange tomme plassar, om det er slik det er, sa Marit Aklestad (SV).

Rådmann Wenche Solheim sa at Liadal er viktig for å ha nok plassar å spele på i sentrum.

– Vi har nok plassar så lenge Liadal driv. Om dei legg ned, må vi gjere noko anna. Om de gjer ei politisk prioritering om utviding på Sæbø, så følger vi opp det. Men det er ikkje vår tilråding, sa ho.

Målet er at saka om Sæbø barnehage skal vere klar til formannskapsmøtet 30. mai.