Oslo: Bønder blokkerte for utkøyring av varer frå grossistlageret til ASKO på Kalbakken i Oslo fredag morgon.
Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix
(Foto: Bøe, Torstein)

Oslo: Bønder blokkerte for utkøyring av varer frå grossistlageret til ASKO på Kalbakken i Oslo fredag morgon. Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix Foto: Bøe, Torstein

Bønder blokkerte lager i tre timar

Fredag morgon blokkerte bøndene tilgangen til matlager over heile landet.

Den varsla aksjonen starta klokka 6 fredag morgon. Rundt 1.000 bønder blokkerte då grossistlagera til Norgesgruppen, Coop og Rema 1000 på 25 stader over store delar av landet. Aksjonen var del av protesten mot staten sitt tilbod i landbruksoppgjeret. Forhandlingane mellom regjeringa og bøndene braut saman tysdag denne veka.

Aksjonane vart avslutta etter tre timar.

- Vi har fått merksemd om at norskprodusert mat i butikkane ikkje er ei sjølvfølge, sa leiar Lars Petter Bartnes i Norges Bondelag til NTB.

Då aksjonene pågjekk var det uvisst kor lenge dei skulle halde på, men planen til bondelaget var heile tida å avslutte klokka 9, seier Bartnes.

Kommunikasjonssjef Harald Kristiansen i Coop seier til NTB at aksjonen ikkje kjem til å ramme butikkane eller forbrukarane i nemneverdig grad.

- Vi ønskjer ikkje å råke forbrukarane og andre som jobbar i matkjedene, og vi ber om forståing om nokon har hatt ulempe som følgje av blokaden, seier Bartnes.

Meir å lese på Møre-Nytt:
Dette vert lest no:

Vil opprette eiga minoritetsklasse

Det er kraftig auke i talet på elevar i Ørsta-skulen som ikkje har norsk som hovudmål. No vil kommunen opprette ei eiga introduksjonsklasse for desse.

Vurderer meir aktiv hamnepolitikk

Administrasjonen i kommunen vil greie ut oppretting av eit nytt hamnedistrikt for heile Ørsta, som skal danne grunnlag for ein meir aktiv hamnepolitikk.

Stafettgull til Ørsta på Akslaleikane

Ørsta IL friidrett tok gull på 4 x 100 meter stafett på Sparebanken Møre Akslaleikane med tida 52,6 sek.

Elias Hovden Nilsen tok gull under Hardarleikane

Tredje beste i landet

Elias Hovden Nilsen tok gull i spyd i klassen G16 med gode 53,06 meter på Hadarleikane.

Rektor Roppen avviser endring av strategien for Høgskulen i Volda

Roppen avviser NTNU-frieri

No er Vik Ørsta-eigaren børsnotert

Vik Ørsta-eigaren Saferoad vart måndag notert på Oslo Børs.

Ein mill. til samanslåing

Volda og Hornindal kommunar får også i år ein mill. til innovasjon og utvikling i den nye kommunen frå fylkesmannen.

Berre damer i 15 år

Åmdalskoret Berre damer går ikkje stille i dørene, så når dei no feirar 15 år med berre damer i koret, då gjer dei det slik dei kan best.

Oter-opprør mot turveg til 25 mill. i Volda

– Når vi føler at kommunen prøver å «sminke bort» ein brysam raudlista art, då måtte vi berre ta saka i eigne hender.