Den varsla aksjonen starta klokka 6 fredag morgon. Rundt 1.000 bønder blokkerte då grossistlagera til Norgesgruppen, Coop og Rema 1000 på 25 stader over store delar av landet. Aksjonen var del av protesten mot staten sitt tilbod i landbruksoppgjeret. Forhandlingane mellom regjeringa og bøndene braut saman tysdag denne veka.

Aksjonane vart avslutta etter tre timar.

- Vi har fått merksemd om at norskprodusert mat i butikkane ikkje er ei sjølvfølge, sa leiar Lars Petter Bartnes i Norges Bondelag til NTB.

Då aksjonene pågjekk var det uvisst kor lenge dei skulle halde på, men planen til bondelaget var heile tida å avslutte klokka 9, seier Bartnes.

Kommunikasjonssjef Harald Kristiansen i Coop seier til NTB at aksjonen ikkje kjem til å ramme butikkane eller forbrukarane i nemneverdig grad.

- Vi ønskjer ikkje å råke forbrukarane og andre som jobbar i matkjedene, og vi ber om forståing om nokon har hatt ulempe som følgje av blokaden, seier Bartnes.