TussaInstallasjon skal levere 1 000 kvadratmeter solceller til taket påBerte Kanutte-huset på Høgskulen i Volda. Solcelleanlegget kanprodusere opp mot 100 000 kilowattimar i året, og er i følgjeStatsbygg eit av dei største anlegga i fylket, melder Høgskulen i Volda på sine heimesider.

- Solcelleanleggkjem i stadig større grad inn som ein del av leveransen avelektrotekniske anlegg, og vi har eit kompetansemiljø knytt tildette. Denne typen anlegg som vi leverer til Statsbygg og Høgskuleni Volda har lang levetid og vil gi høg produksjon i mange årframover, seier Jo Stian Tverberg, adm. direktør i TussaInstallasjon.

570 solceller

Arbeidet på høgskulebygget i Volda har nettopp startaopp, og totalt skal 570 solceller vert montert opp på nord- og sørsidaav taket. Energien anlegget produserer skal nyttast i bygget. Ifølgje Høgskulen i Volda og Frank Lande i Statsbygg vilproduksjonen dekkje om lag 10 prosent av energiforbruket i huset.

-Statsbygg er oppteken av grøne avtalar og fornybar energi. Vi harstore takflater på bygga våre rundt om i landet og vil på dennemåten utnytte det. No blir Berte Kanutte-huset eit av dei førstebygga som Statsbygg eig med solcellepanel på taket, seier FrankLande til Høgskulen i Volda.

Tussa Installasjon er ein del avenergikonsernet Tussa, og har etablert seg som ein regionalleverandør innanfor alle typar installasjonstenester. Jo StianTverberg seier dei er glade for å ha fått oppdraget på Høgskulen iVolda.

- Gjennom rammeavtalen med Statsbygg og Høgskulen i Voldahar vi hatt eit godt og langt samarbeid. Dette prosjektet føyer seginn i rekkja av det. Vi er ein solid og trygg leverandør, som vilvere der i heile levetida av anlegget, seier Tverberg.

Adm.dir. Jo Stian Tverberg hos Tussa Installasjon. Foto: Pressefoto