Det hevdar avisa VG, som har vore i kontakt med mange kjelder i samband med helgas landsmøte i Framstegspartiet.

Siv Jensen har ein sterk posisjon i partiet i dag, og per i dag er ikkje posisjonen hennar trua. Spørsmålet er kva som skjer dersom Frp gjer eit dårleg val i haust. Med eit svakt valresultat vil ein leiardiskusjon tvinge seg fram, hevdar VG.

Det er særleg tre personar som no posisjonerar seg før eit eventuelt leiarskifte i partiet: Jon Georg Dale frå Dalsfjorden (noverande landbruks- og matminister), Sylvi Listhaug frå Ørskog (innvandrings- og integreringsminister) og Helge André Njåstad frå Austevoll i Hordaland (leiar i kommunalkomiteen på Stortinget).

Ketil Solvik-Olsen og Per Sandberg er i dag nestleiarar i Frp. Begge desse har takka nei til stortingsval frå hausten av. Det er difor sannsynleg at minst ein av dei går av som nestleiar dersom Frp går ut av regjering frå hausten. Dei er heller ikkje særleg sannsynlege som nye partileiarar. Dersom Siv Jensen skulle gå av i løpet av det neste år, trur dei fleste kjeldene til VG at Sylvi Listhaug tek over som partileiar.

Dagens partileiar Siv Jensen skal derimot ha svært stor tru på Jon Georg Dale. Han starta i regjeringsapparatet som statssekretær for samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen. Ikkje lenge etter rykte han opp til å bli Siv Jensen si høgre hand som statssekretær i Finansdepartementet, før han i 2015 vart landbruks- og matminister. Siv Jensen kallar Dale for «Goggen», og ifølgje VG ser ho på han som ein mogleg framtidig partileiar. Det skal ha vore noko av grunngivinga for at han vart statsråd.

Noko av leiardiskusjonen handlar om retninga for partiet. Dei som står på Listhaug si side ønskjer eit parti meir slik det var under Carl I. Hagen si leiing, med fokus på kulturelle spørsmål, kristenkonservative verdiar, ein meir konfronterande tone i innvandringspolitikken. Hos desse står heller ikkje ønsket om regjeringsmakt like sterkt som i dagens leiing. Dale si side ønskjer eit meir liberalt parti, som er meir innstilt på regjeringsmakt og å inngå kompromiss med andre parti, ifølgje VG. Njåstad inntek ein mellomposisjon mellom dei to.

Verken Dale eller Listhaug har gitt konkrete svar på spørsmålet om å bli leiar, og seier begge at dei står hundre prosent bak dagens partileiing.