Det seier klinikksjef Knut Nautvik ved kirurgisk avdeling som tok imot 26 kunstverk fredag. Volda sjukehus hadde ikkje fått noko forvarsel om at dei ville få noko gåve fredag, men i samband med pop-up utstillinga til Vebjørn Sand i Ørsta i helga kom tvillingbroren Aune i kontakt voldingar og ørstingar som meinte at sjukehuset fortente ei kunstgåve.

– Vi kan takke ei dame som var ute og lufta hunden sin torsdag. Sand fortalde at ho meinte Volda sjukehus var ein verdig mottakar av ei slik gåve. Vi veit ikkje kven ho er, seier Nautvik.

Sand fekk opplyst kva Volda sjukehus betyr for lokalbefolkninga, og valde på vegner av brørne å legge turen innom sjukehuset fredag.

– Han hadde fått vite korleis vi står på for å bevare posisjonen vår, og difor ville dei gje eit handslag til ein institusjon som betyr så mykje for folk. Etter at han hadde sagt dette rygga han varebilen inn til inngangsdøra, og eg tenkte at han ville gje oss eit bilete eller to. Då han byrja å bere gav han seg ikkje før heile vestibylen var fylt. Totalt fekk vi 26 bilete, alle i stor eller middels storleik. Det er kjente trykk, og det er rett og slett formidabelt gjort og eit kjempeløft for oss, seier Nautvik.

Overrekkinga er endå så fersk at sjukehuset ikkje har bestemt seg for kva som skal skje med all kunsten.

– Det var eit uttrykt ynskje frå Aune Sand at gåva skulle kome Volda sjukehus og dei tilsette til gode. Vi har eit eige kunstlag på sjukehuset, og kanskje nokre av bileta vil bli ein del av kunstlotteri som vi har trekning i ein gang i året. Vi har fått store bilete som passar fint i det offentlege arealet her, og vi må berre bli samde om korleis vi skal utsmykke sjukehuset vårt.

Nautvik seier at gåve dei fekk fredag er den største enkeltgåve dei har fått.

– Vi fekk ein del kunst då vi flytta inn i 1986, men vi har ikkje fått nokon gåver i den målstokken som vi fekk fredag. Det einaste som kan måle seg er innsatsen til Sonja Vidnes. Ho samla inn ein million kroner som har blitt brukt på pasientretta tiltak ved sjukehuset.

Volda sjukehus er takksame for kunstgåva og engasjementet som er for sjukehuset.

– Vi opplev stor støtte både blant enkeltperson og gjennom aksjonar. Det er ein inspirasjon for oss. Når det stormar er det viktig å hugse på dette for oss, og den enorme støtta vi har er svært viktig.

Eiga tralle: Kunstgåve har førebels fått si eiga tralle, men etter kvart vil kunst bli å sjå i det offentlege arealet til sjukehuset. Foto: Joachim Åsebø