Det er oppsummeringa til Ørsta kommune etter at Fylkesmannen gjennomførte satellittelefon-øving 6. april.

– Vi bør teste ein gong til, men dekninga er så dårleg at samtalar er vanskeleg. SMS-funksjonen er betre. Då får ein sendt heile meldingar, som ikkje er vanskelege/umoglege å tyde. Det er ikkje optimalt, men betre enn brotne samtalar, heiter det i evalueringa.

Krisekommunikasjonar

Meininga er at satellittelefonar skal vere ein kommunikasjonsmetode i krisesituasjonar der andre kommunikasjonsmetodar ikkje fungerer. Dette gjeld t.d. ved straumbrot. Utkantområde som står i fare for å bli isolert av t.d. ras er særleg aktuelle for utplassering av satellittelefonar, til dømes Bjørke og Øye.

Ørsta kommune har bede fylkesmannen om å undersøke om det finst andre telefonmodellar eller løysingar som fungerer betre enn telefonane Ørsta brukar i dag.

Nitten kommunar

Gjennomføringa av øvinga var heller ikkje optimal.

– Det var nitten kommunar som samtidig skulle vere i telefonkonferansen og kvittere for si kommune. Dermed var det i praksis vanskeleg å følge rettleiinga for bruk av satellittelefon (snakk roleg, berre ei setning i gongen, to sekund forskyving i tid). Nitten kommunar i same samtale samtidig verka ikkje optimalt.

Ørsta kommune vurderer å plassere ut satellittelefonar på Bjørke og Øye.

– Før vi gjer dette, må vi teste om det i heile er såpass dekning at det har noko føre seg. Det kan vere at SMS-funksjonen er OK. Men eg er usikker på samtalekvaliteten, skriv referent Per Ivar Lied.