Det var Anbjørn Steinholm Frislid (Frp) som tok opp saka gjennom ein interpellasjon. Bakgrunnen er NRK-dokumentaren førre veke, om rumenske tiggarar i Bergen, og der det kom fram at dette var kriminell verksemd.

Difor spurte Steinholm Frislid om ordføraren ville nytte seg av lovverket, som opnar for kommunale tiggeforbod.

Ordførar Stein Aam svara at han kunne støtte at eit slikt forbod vart vurdert.

I kommunestyret reagerte Paul Kristian Hovden (KrF) kraftig mot forslaget frå Frislid om kommunalt tiggeforbod.

Dette forslaget er med på å stigmatisere ei heil gruppe. Vi har ikkje ein slik situasjon i Ørsta. Viss det oppstår kriminalitet, har vi politiet, sa Hovden.

Synnøve Rekkedal Hill (Sp) sa seg usamd med ordføraren som ynskte eit tiggeforbod vurdert.– Eg ynskjer ikkje ei vurdering. Brennpunkt greidde å framstille horekundane som offer. Snakk om å snu ting på hovudet, sa Rekkedal Hill.

Marit Aklestad (SV) reagerte også på forslaget: – Løysinga med tigging som eventuelt medfører kriminalitet er å handheve lover vi alt har. Difor stussar eg over at vi skal greie ut tiggeforbod i Ørsta. Vi kan ikkje forby folk å be om hjelp. I kampen mot kriminalitet er dette eit villspor. Viss vi opplever pågåande tiggarar, kan vi handheve lovs om ordensforstyrring, sa Aklestad.