Søndag ettermiddag melde politiet om ei utforkøyring på Nordre-Vartdal.

- Det er ikkje meldt om større skader på person, det er berre ein bil og ein person involvert i hendinga, skreiv politiet på Twitter klokka 15.35.

Klokka 16.20 melde politiet at føraren av bilen vart køyrd til legevakta for sjekk etter utforkøyringa. Han er truleg uskadd.

Politiet gjer undersøkingar på staden. Det er ikkje snakk om promille, men førarkortet til føraren er beslaglagt. Han er mistenkt for å ha brote paragraf 3 i vegtrafikklova: «Enhver skal ferdes hensynsfullt og være aktpågivende og varsom så det ikke kan oppstå fare eller voldes skade og slik at annen trafikk ikke unødig blir hindret eller forstyrret».