Vikarprest Sindre Løvik kunne roe kyrkjelyden i Ørsta under gudstenesta søndag føremiddag, dagen etter at ein mann i 30-åra prøvde å tenne på Ørsta kyrkje. Mannen vart teken hand om av helsepersonell før han vart arrestert laurdag kveld.

Flytta til bedehuset

Gudstenesta vart flytta til Ørsta bedehus, som ligg like ved kyrkja. Det er for store skadar på kyrkja til at ho kan takast i bruk enno, men kyrkjeverje Arnstein Myklebust seier dei jobbar for å få henne klar att til konfirmasjonsgudstenestene komande helg.

– Heldigvis ser det ut til at dette har gått veldig bra, ikkje minst takka vere augevitne som kom raskt til staden og naudetatar som rykte raskt ut, sa presten.

Gudstenesta vart stort sett gjennomført som planlagt. Nokre salmar måtte bytast ut, fordi bedehuset brukar Song boka i staden for Norsk Salmebok. Det var også tre dåpsborn i det fullsette bedehuset, og dåpen gjekk som planlagt. Nattverda var det einaste som vart teke ut av gudstenesteprogrammet.

– Eg skal helse så mykje frå domprost og fungerande biskop Olav Gading og frå Ingeborg Matre, prost i Søre Sunnmøre prosti. Dei sender varme helsingar til Ørsta etter brannen, sa Løvik.

Bøn

Under bøna bad Løvik for at brannstiftaren skal få hjelp, og for dei frivillige og naudetatane som kom til då kyrkja vart sett fyr på.

Første mai-gudstenesta i Ørsta måndag blir også halden i bedehuset. Det er framleis uklart kva som skjer med konfirmasjonsgudstenestene komande helg, men målet er altså å halde dei i Ørsta kyrkje.

I programmet heitte det spom vanleg at gudstenesta skulle avsluttast med tre gonger tre klokkeslag.

– Denne gongen vart det tre gonger tre stille klokkeslag, avslutta prest Sindre Løvik.