1. mars tok drosjeselskapet sine tilsette plass i «nye» lokale i Ivar Aasen-gata, vegg i vegg med Dale Vindu & Interiør.

– No ligg vi meir sentralt enn før, vi har større og meir moderne lokale, fellesvask på huset, betre utsikt og rimelegare husleige enn før. På sikt, når den nye rutebilterminalen på Mørebil-tomta kjem, vil vi få betre forhold for oppstilling av bilane våre. Heilt topp med andre ord, seier Torstein Moe i Ørsta Taxi.

Han er leiar for eit nystarta selskap der dei fire løyvehavarane i Ørsta for drosje har gått saman på eigarsida. Dei tilsette er tilfredsstilt med dagens situasjon for drosjenæringa i Ørsta under det interne mottoet «For dei gamle og rare, dei flotte og normale. Vi køyrer deg dit du vil, mot litt vederlag attpåtil».

Dugnad

Etter god dugnadsinnsats er drosjesjåførane i Ørsta, åtte faste sjåførar i tillegg til tilkallingshjelp, funne seg godt til rette i dei «nye» lokala etter at drosjesentralen vart flytta frå lokala i Holmegata.

Når vi spør om oppdragsmengda til drosjene, får vi vite at trafikken går opp og ned.

– Det er viktig for oss at vi har oppdragskøyring innan pasienttransport og skuleborn. Herøy Taxi har driftsavtale med Helse Midt, og vi er leigd inn av Herøy-selskapet, fortel Torstein Moe. Også den daglege transporten av Widerøe sine folk er viktig for drosjene i Ørsta.

Drosjesjåførane har eit godt samarbeid med Volda-drosjene. Snart kan det verte oppretta felles sentral for drosjene i Ørsta og Volda, med hovudsentral i Volda. Men framleis skal det vere sentralar i begge kommunane.

Det har vore jobba i fleire år med å opprette ein felles sentral. Allereie for seks år sidan gjorde samferdselsutvalet i fylket eit samrøystes vedtak om at det skulle verte sett krav om oppretting av ein felles driftsorganisasjon og administrasjon for drosjeløyva tilknytt Volda Taxisentral og Ørsta Taxisentral. Dei to sentralane har hatt felles styring og køyreoppdrag, med felles telefonnummer på dagtid. Samferdselssjefen har gitt grønt lys for samanslåinga.

Maxi-taxi

Medan folk tidlegare kunne ringje etter maxi-drosje kva tid som helst, må denne bilen no bestillast i helgane.

– Det er ikkje nok trafikk i helgane til at vi kan ha disponibel ei maxi-drosje til ei kvar tid. Men bestiller folk i god tid, så er dei sikra ein stor bil, fortel Moe.

Drosje: Sindre Brautaset (t.v.) og Torstein Moe er svært nøgd med dei nye lokala der dei har fin utsikt m.a. til småbåthamna. Foto: Roy-Arne Folkestad
Flytta: Drosjesentralen ligg no eit lite steinkast frå busshaldeplassen, noko drosjesjåførane synest er positivt. Foto: Roy-Arne Folkestad