Ørsta ungdomsskule, Hovden skule, Vikemarka skule og Velle skule var representert under finalen i skulecupen med totalt 21 elevar. Tidlegare i år var elevane i aksjon i Ulsteinhallen og leverte gode resultat i lengde, kule og 60 meter. I tillegg til desse greinene stod 600 meter på konkurranseprogrammet tysdag.

– Det er kjekt at både barneskulane og vi held på med dette. Vi møttest på ferja på veg til Molde, og det har blitt ein god tradisjon, seier kroppsøvingslærar Einar Myrold ved Ørsta ungdomsskule.

Skulane samarbeider med Ørsta IL friidrett rundt skulecupen.

– Kvart år klarer vi å skape engasjement rundt skulecupen, og voner kan interessa spire blant elevane for friidretten gjennom deltakinga.

Ørsta-elevane har for vane å hevde seg godt i konkurransane, og finalen på Molde Idrettspark tysdag var ikkje noko unnateke. Blant 6.-klassingane leverte Jørgen Gretland og Luckas Selbervik (begge Hovden skule) gode resultat, og vart nummer ein og to på 600 meter. Andreas Hjelle Tangen (Velle skule) tok 2.-plassen på 60 meter for 7.-klassingane, og det var 3.-plass i lengde. Sadam Abdukkahi Hassan (Vikemarka skule) vart nummer fire i kule for 6.-klassingar. For 8.-klassingane tok Marnix Cupedu (Ørsta ungdomsskule) 4.-plassen på 60 meter. I lengde vart det ein ny 4.-plass for Cupedu, og Hanad Abdullahi Hassan tok 5.-plassen. Sigrid Vartdal vart nummer to på 60 meter blant 10.-klassingane, og Åse Øyehaug vann lengdekonkurransen.

Marie Steinnes (Hovden skule) kom på 2.-plass blant 7.-klassingane på 60 meter, og vann lengdekonkurransen. Amanda Langlo Moe (Velle skule) vann kulekonkurransen blant 7.-klassingane med Michelle Yksnøy (Velle skule) på 4.-plass.

Hovden skule vart tredje beste skule i konkurransen blant barneskulane.

Ørsta-skulane fekk skryt for god deltaking i Molde tysdag, og lærarar og elevar hadde ei flott oppleving.

– Møre og Romsdal Friidrettskrets, med Bente Krakeli i spissen, er den einaste i landet som klarer å arrangere ein felles finale i skulecupen. Tysdag var det elevar frå Molde folkehøgskule som hadde ansvaret, og det var eit flott arrangement, seier Myrold.

Finale i skulecupen: Elevane frå Ørsta ungdomsskule, Vikemarka skule, Hovden skule og Velle skule samla i Volda saman med lærarane Einar Myold, Espen Viddal og Thomas Lid Kleppe. Foto Gunnar Festøy Foto: Gunnar Festøy
Lengde: Marnix Cupedu hoppa 4,70 meter i lengde og kom på 4. plass blant 8.-klassingane. Hand Abdullahi Hassen tok 5. plassen i konkurransen med 4,67 meter. Foto: Gunnar Festøy Foto: Gunnar Festøy
Kule: Sigurd Vartdal vart nummer fem i kulekonkurransen blant 9.-klassingane. Foto: Gunnar Festøy
Førebuingar: Guro Øyehaug og Camilla Brekke Leikanger førebur seg til konkurrane. Foto: Gunnar Festøy Foto: Gunnar Festøy