Etter eit halvt år med nytt større kjøpesenter, ser ein at handelen går svært bra, og at både nye og gamle butikkar har hatt ein fin vekst, skriv avisa.

–Amfi Ørsta er storebror og det å komme opp i samme omsetning som dei er veldig kjekt. Vi har på Eid fått eit breitt spekter i butikkar og kan no samanlikne oss med Ørsta i utval, fortel senterleiar Gro Gjerdevik til Fjordabladet.

Ho peikar på at Amfi Nordfjord har etablert seg som ein treffstad og mange reiser hit for å snakke med kjentfolk. Snittet på besøkande per veke ligg på ein stad mellom 20- og 23.000 betalande kundar.