Laurdag ettermiddag ved 17-tida rykka naudetatane ut til ei melding om brann ved Ørsta kyrkje.

Politiet melder at ein person er pågripen nærleiken av staden, mistenkt for å ha sett på brannen.

Det var vitneskildringar frå fleire personar som gjorde at politiet kunne pågripe personen så raskt.

Augevitne

Augevitne Oddvar Vatne seier til Møre-Nytt at det var fyr i både døra og ei dørmatte ved inngangspartiet. Vatne fekk dørmatta vekk frå inngangspartiet. Ei kvinne tok bilde av gjerningspersonen og bilen hans, og varsla politiet.

Møre-Nytt får opplyst at gjerningspersonen sannsynlegvis brukte ei brennbar væske til å sette fyr på inngangspartiet, mest truleg bensin.

Vi får også opplyst at personen skal ha vorte pågripen ved Ørsta småbåthamn.

Den pågripne er ein mann i 30-åra med bustadadresse i Ørsta, skriv smp.no. Politiet opplyser laurdag kveld at han førebels blir teken hand om av helsepersonell.

Skadar på inngangspartiet

Brannen vart raskt sløkt. Det skal vere skadar på inngangspartiet til kyrkja etter brannen, først og fremst på inngangsdøra.

110-sentralen takkar publikum for at brannen vart sløkt så raskt.

- Det var iherdig innsats frå folk på staden med pulverapparat. Brannvesenet tok seg av ettersløkking og kontroll av brannen

NRK Møre og Romsdal melder at den pågripne personen er heimehøyrande i Ørsta, men at politiet førebels ikkje har identifisert han.

Både Ørsta brann og redning og Volda brann og redning er på staden. Volda brann og redning bistår med å lufte ut branngassar frå kyrkja.

Laurdag kveld opplyser politiet at det er skadar på inngangspartiet på kyrkja, i tillegg til røykskadar inne i kyrkja, mellom anna på ei altertavle og på kyrkjesølv.