Kjetil Strand, strategidirektør i Statens vegvesen Region midt, la ingenting imellom då han orienterte Ørsta kommunestyre om dei lokale samferdselsprosjekta torsdag ettermiddag.

Ørsta kommune har så smått starta planarbeidet for Ørstafjordkryssinga, brua eller tunnelen som skal løfte E39-trafikken ut av Ørsta sentrum. Planprogrammet for prosjektet er no ute på høyring. Vegvesenet har eit klart råd: Vent til vi har avklart kryssinga av Vartdalsfjorden.

Vil avklare Vartdalsfjorden

Statens vegvesen jobbar no med målingar og utrekningar som skal avklare trasévala for kryssinga av Vartdalsfjorden og Sulafjorden (Hafast). Prosjektleiar Jørn Arve Hasselø i Statens vegvesen orienterte om dette arbeidet før Kjetil Strand gjekk på talarstolen.

Det er fleire alternativ for kryssing av Vartdalsfjorden til Hareidlandet, både frå Vartdalsstrand-sida og frå Berkneset. Statens vegvesen er klare på at Ørstafjordkryssinga ikkje må vente til kryssinga av Vartdalsfjorden er bygt, heller ikkje til ho er ferdig regulert eller planlagt. Det sentrale er at trasévalet må avklarast.

– Dersom Jørn (Hasselø, red. merk.) held det han har sagt til meg, kan vi få avklart dette i 2019. Då kan vi få eit samla trykk på planlegging av begge prosjekta, forklarte Strand.

Det er uaktuelt for vegvesenet å gå inn i formell planlegging av Ørstafjordkryssinga før kryssinga av Vartdalsfjorden er avklart.

– Dersom vi då bind oss opp til ein ugunstig trasé over Vartdalsfjorden, risikerer vi å påføre oss ein milliardkostnad ved å måtte krysse Vartdalsfjorden på ein vanskeleg stad. Men vi skal gå inn i Ørstafjordkryssinga med stor energi når Vartdalsfjordkryssinga er avklart.

Åtvara mot tvillingfødsel

Planen er at Voldatunnelen og Ørstafjordkryssinga skal vere del av ein bompengefinansiert samferdselspakke. 300 av dei 900 millionane kr til Voldatunnelen skal kome frå bompengar, medan denne fordelinga er uavklart for Ørstafjordkryssinga. Bompengane skal i tillegg finansiere ei rekkje mindre samferdselstiltak i Ørsta og Volda. Ørsta og Volda kommunar er saman med vegvesenet i full gang med planlegginga av denne pakken.

Statens vegvesen ser føre seg å dele pakken i to fasar, der Voldatunnelen er det berande prosjektet i fase 1 og Ørstafjordkryssinga er berande i fase 2. Ørsta kommune har på si side meir hastverk, og vil ha Ørstafjordkryssinga på plass raskast mogleg.

– Eg trur ikkje vi bør gå for ein tvillingfødsel av desse to prosjekta. Kan vi ikkje i staden prøve å få til ein god fødsel av den første babyen (Voldatunnelen) først, og deretter sette alle klutar til på fødsel nummer to, spurde Kjetil Strand kommunestyret retorisk.

Han åtvara Ørsta kommune mot konsekvensen av å insistere på ein tvillingfødsel.

– Då risikerer vi å sette heile samferdselspakken på vent på ubestemt tid. For ved eit slikt opplegg må både Voldatunnelen og Ørstafjordkryssinga vere ferdig planlagde og regulerte før vi sender ein bompengesøknad til Stortinget. Finansdepartementet krev reguleringsplan på slike enkeltprosjekt, og må ha eit kostnadsanslag på pluss-minus ti prosent før dei tek i det.

– Har berre tida og vegen

Voldatunnelen er inne i andre seksårsperiode av Nasjonal Transportplan (NTP), som tilseier bygging mellom 2024 og 2029.

– Vi har faktisk ikkje meir enn tida og vegen med den tidshorisonten. No jobbar vi med det faglege grunnlaget for bompengesøknaden. Det satsar vi på å ha klart i 2018. Så er det krav til ekstern kvalitetssikring av våre planar. Det tek fort eitt år, og vi må rekne med at 2019 går med til det. Først då kan vi gå til Stortinget med bompengesøknaden. I 2021 bør vi kunne vere i posisjon til å ha bompengefinansieringa på plass og kunne starte på prosjekta i pakken. Eventuelt kan vi då kome tidlegare i gang med Voldatunnelen enn det NTP legg opp til, gjennom t.d. låneopptak. Om vi får på plass bompengepakken før revideringa av NTP, har Stortinget i praksis sagt ja til prosjekta før NTP skal til ny handsaming. Det vil vere ein stor fordel.

Etter 2029

Strand meiner bygging av Ørstafjordkryssinga først er realistisk i neste NTP, altså etter 2029.

– Det er no viktig at vi får gjennomført miljøtiltaka og trafikktrygginga som ligg i samferdselspakken raskast mogleg. Men det skal ikkje tilseie at vi slakkar av arbeidet med å får E39 ut av sentrum. Statens vegvesen støttar målet om å få europavegen ut av sentrum fullt ut, men vi må få avklart Vartdalsfjorden før vi går vidare.

Døme på miljø- og trafikktryggingstiltaka som ligg i samferdselspakken er nytt flyplasskryss, miljøgate gjennom Ørsta og Volda sentrum og ny Osbru.

– Uroa for ei utsetting av Ørstafjordkryssinga

Fleire i kommunestyret stilte kritiske spørsmål til Kjetil Strand.

Odd Magne Vinjevoll (Frp), Paul Kristian Hovden (KrF) og Ola Perry Saure (Sp) gjekk alle på talarstolen med spørsmål etter strategidirektør Kjetil Strand sitt innlegg til kommunestyret. Det same gjorde teknisk sjef Rolf Magnus Sundgot og rådmann Wenche Solheim. Bodskapen var mykje den same: Uro over ei utsetting av Ørstafjordkryssinga.

– I arbeidet med konseptvalutgreiinga for E39 frå Skei og nordover var både du og Statens vegvesen klare på at Ørstafjordkryssinga er viktig, uansett val av trasé for E39. Er ikkje du samd i ditt eige sitat? Om du er det, kvifor skal vi då vente i 25 år på Ørstafjordkryssinga, spurde Hovden.

– No skjer det endeleg noko i Ørsta sentrum etter veldig mange år. Men vi er nøydde til å få positiv framdrift for Ørstafjordkryssinga for å halde oppe motivasjonen. Berre Vartdal Plast køyrer 35 vogntog gjennom sentrum kvar dag. Får vi ikkje på plass Ørstafjordkryssinga, er dette problemet evigvarande, sa Rolf Magnus Sundgot.

Han åtvara også mot å velje ein kryssingstrasé for Vartdalsfjorden som går frå Berkneset til Eika/Eiksund) framfor frå Vartdalsstranda til Hareidlandet. Ei kryssing frå Berkneset vil i praksis seie at Ørstafjordkryssinga ikkje blir E39, og at ho må planleggast som ein fylkesveg.

– Det vil gjere sentrumsutviklinga utruleg vanskeleg for oss.

– Vi må ha eit betre grep om kryssinga av Vartdalsfjorden før vi går vidare. Så ærleg må eg vere med dykk, svarte Strand.

Han avviste at han har skifta meining om at Ørstafjordkryssinga er viktig uansett.

– Då vi jobba med KVU-en, var vi på eit heilt anna stadium enn vi er i dag. Då tilrådde vi å ikkje gjere eit val mellom Hafast og Fefast, fordi det var for tidleg. Så vart vi forundra og glade over at regjeringa gjekk så klart inn for bygging av ferjefri E39 og at dei gjorde trasévalet. Det eg sa den gongen, må sjåast i lys av kva vi visste den gongen. No er situasjonen slik at Hafast er det neste ferjefri E39-prosjektet etter dei som faktisk er inne på Nasjonal Transportplan. Det gjer at vi er i gang med avklaringar rundt t.d. Vartdalsfjorden, og håper å ha ei avklaring her i 2019. Då kan vi få eit samla trykk på planlegging av både Vartdalsfjordkryssing og Ørstafjordkryssinga.

Han la til at regjeringa også har stilt store krav til kostnadskontroll i ferjefri E39-prosjekta.

– Det gjer det meir aktuelt med trinnvis utbygging, og at det kan tenkast at t.d. Eiksundbrua blir brukt som E39 ein periode, sjølv om denne ikkje har full E39-standard.

Kritisk: Paul Kristian Hovden var ein av fleire som var kritisk til Kjetil Strand. Foto: Rune Sæbønes