Aksjonen er landsomfattande, og i Ørsta vert han som vanleg halde gjennom eit samarbeid mellom dei to dame og herreklubbane. Medlemmene vil fredag kveld og på dagtid laurdag stå på stand utanfor butikkar i Barstadvik, på Vartdal og i Ørsta sentrum.

– Mange bedrifter har støtta aksjonen ved å kjøpe tulipanbukettar ved førehandssal. Fleire av desse har donert bukettane til alders- og sjukeheimane i Ørsta, Vartdal og Sæbø, fortel Anita Aarskog i ungdomskomiteen og Ole Anders Grong som er aksjonsleiar.

Inntektene frå aksjonen går til førebyggjande arbeid mellom barn og unge.

– Dei unge veit mykje om nar kotika, men ikkje nok om å ta dei rette vala. Eit godt skule- og læremiljø er viktig for å styrke barn sin sosiale kompetanse. Lions har difor utvikla eit undervningsprogram som heiter «Det er mitt val». Tusenvis av barn og unge, også i barnehagar, får kvar dag trening i å ta ansvar, kommunisere, få auka sjølvtillit, ta avgjersler og sette seg mål. Gjennom Lions Tulipanaksjon kan vi finansiere dette arbeidet, seier Aarskog og Grong.