Alle som får karakteren seks på eksamensoppgåva si i nynorsk hovudmål på vidaregåande, kan få stilen sin sendt inn til juryen for Fridtjov Oos’ legat.

Juryen vel ut tre vinnarar kvart år, og no har Karen Helset og Lone Kathinka Elisabeth Vik frå Volda vidaregåande og Eirin Alvilde Nordeide frå Hafstad vidaregåande fått legatet på 5000 kroner kvar for stilane dei leverte i fjor vår.

I tillegg får dei bli med i ei eksklusiv gruppe av tidlegare vinnarar, som inkluderer mellom anna Einar Førde, Ottar Grepstad, nobelprisvinnar Edvard Moser og fleire forfattarar og politikarar.

– Då eg leverte eksamenen, var magefølelsen heller dårleg. Det at den teksten skulle halde til både toppkarakter og pris for Noregs beste nynorskeksamen, hadde eg aldri trudd då eg gjekk ut av eksamenslokalet for eit år sidan! Skriving er noko eg likar å halde på med, og det er sjølvsagt veldig kjekt å få så god respons på det eg skriv! seier Karen Helset frå Bjørkedalen.

Valde å skrive kreativ tekst

Det tok ganske kort tid for Karen Helset å finne ut kva for ei oppgåve ho ville svare på. I den eine oppgåva kunne ein nemleg skrive ein kreativ tekst.

– Tidlegare på våren hadde eg skrive nokre essay og fått gode tilbakemeldingar på dei. Essaysjangeren passar meg godt, sidan eg utfordre lesaren, kome med eigne tankar og meiningar, samt leike meg med språklege verkemiddel. Det er nettopp dette som gjer skriving så kjekt! seier Karen Helset.

I grunngjevinga til juryen heiter det at eksamensteksten hennar rører ved sterkt, både i innhald og uttrykk.

Går på folkehøgskule

Etter Volda vidaregåande byrja Karen Helset på Høgtun folkehøgskule på Nordmøre.

– No er eg snart ferdig med eit fantastisk år. På hovudlinja mi har vi vore borti eit stort mangfald av aktivitetar innanfor idrett og friluftsliv. I november var nokre av oss på studietur til Kenya. Der vart vi vitne til store kontrastar, ekstrem fattigdom og ei enorm takksemd vi her heime kan lære mykje av. Det har vore eit svært givande og lærerikt år! Planen var eigentleg å starte på studiar rett etter vidaregåande, men no er eg glad for at eg venta eit år.

Sjølv har ho budd på hybel sidan ho var 15 år, saman med medelevar frå Bjørkedalen som sleit med dårleg bussamband.

Farmasi på topp

Framtidsplanane til Karen Helset er langt ifrå spikra.

– Kva eg har lyst til, varierer frå dag til dag. Eg veit at eg vil jobbe med menneske, gjerne innanfor helse. På søknadslista mi til hausten, har eg alt frå medisin til lærar og psykologi. Førebels er det farmasi i Bergen som står øvst på lista. Eg tek det litt som det kjem – brått opnar det seg moglegheiter eg aldri hadde tenkt på før.

Satsar på sjukepleie

Lone Kathinka Elisabeth Vik er òg strålande nøgd med å få utmerkinga.

Den unge stryningen gjekk siste året på Volda vidaregåande i fjor, etter to år på Stryn vidaregåande. No går ho på 1. året på grunnskulelærarutdanning 5–10 i Kristiansand.

Til hausten vil ho byrje på sjukepleiarutdanninga.

– I framtida vil eg jobbe som sjukepleiar og vere til hjelp for folk. Kanskje seinare ta vidareutdanning som helsesøster, fortel ho.

Svein Olav B. LangåkerFramtida.no