Politibetjent Pål Inge Olsen

Politibetjent Pål Inge Olsen heldt eit tankevekkande foredrag om nettvett og born sine datavaner for foreldra på Vikemarka skule måndag kveld.

Og som Olsen sa: – Eg kan mest ingenting om data, men eg kan ein del om konsekvensane av uvitig nettbruk.

Olsen kunne vise til fleire døme på Søre Sunnmøre på at nettbruk blant born får uheldige konsekvensar, alt frå mobbing, til bruk av pornosider og til kontakt med kriminelle miljø og pedofile.

Politibetjenten oppmoda foreldra sterkt om å ta ansvar for born sine bruk av datamaskiner, om det er smarttelefonen, nettbrettet eller ein pc.

– De foreldre er våre (politiet) sine viktigaste samarbeidspartnarar. Og for oss er det slik at dess meir oppdaterte born og unge er på databruk, dess meir oppdaterte må foreldra vere, sa Olsen.

Men vedgjekk: – Det er inga lita oppgåve for norske og svenske born er dei mest digitalt kompetente i Europa. Dei brukar i snitt seks timar per dag på databruk, sa han.

Born vert tidleg datakyndige. Ein av dei viktigaste introduksjonane til den digitale verda kjem gjennom dataspel.

– Og dei aller fleste dataspela har ein chattefunksjon. Der ventar dei som vil ha tak i born. Dei lokkar born over frå desse chattesidene og til Skype og andre ting. Då er det gjort. Det de som foreldre må passe på, er kva funksjonar desse dataspela har, og kva aldersgrense dei har. Det er dataspel med attenårsgrense som kan verte lånt eller kjøpt utan at foreldre får kjennskap til det. Dette er spel som kan innehalde vald og seksuelle overgrep, åtvara Olsen.

Born og unge er aktive på sosiale medium, som Snapchat, Instagram og Facebook. Dette er også arenaer for mykje mobbing.

– Det er inga lovpålagt aldersgrense for å vere med i sosiale medium, men det er tilrådd at borna bør vere tolv til tretten år før dei opprettar profilar, sa Olsen. Han veit at mange foreldre ber om å få overvake borna sine profilar, til dømes på Facebook.

– Men ver merksam på at det kan verte oppretta fleire profilar, og at den de som foreldre får sjå, berre er den «offisielle», sa Olsen.

Han understreka at sosiale medium i utgangspunktet er ein god ting. Her vert informasjon frå skule, idrettslag, korps og speidar spreidd. Det er kjekt å kunne dele bilete.

– Men nokre av funksjonane er faktisk mobbefunksjonar. Som til dømes det å gje likes. Nokon kan faktisk bestemme seg for at ei jente i ei veke ikkje skal få likes. Det kan verte sendt meldingar som: «ingen er forelska i deg». Tenk korleis ei jente opplever dette. Vi veit at ei jente ikkje var på skulen på to veker etter at ho fekk ei slik melding.

– Og pass på kva bilete som vert delt. Når vi veit at noko av det som er lettast tilgjengeleg, er pornosider, kan born lett byrje å tru at dei skal dele bilete der dei er halvnakne. Det skjer også her, sa Olsen.

Han bad foreldra om å følgje med på kontoutskrifter, og hake av bruk av kredittkort som medfører at dei kan brukast meir eller mindre automatisk.

– Fire av ti foreldre erkjenner at dei ikkje har nok kunnskap til å handtere born sine nettpreferansar. Men her er det viktigaste at de tek praten med borna dykkar.

– Det er ikkje meininga å skremme dykk. Internett og sosiale medium er fantastiske ting, men må brukast med sunn fornuft. De som foreldregruppe må snakke om ting. Våge å kalle ein spade for ein spade. Hugs at vi sender snappar vi også. Og det er oss dei lærer det av. Borna speglar oss.

Nettvett: Politibetjent Pål Inge Olsen ber foreldre om å vere gode førebilete på nettet, og minte om at mange av nettvanane lærer born frå foreldra sine. Foto: Rune Sæbønes