Det seier leiar Kent Riksheim i Hovdebygda og Ørsta skyttarlag etter at Bøstrand Transport har sponsa klubben med 20.000 kroner. Sponsormidlane er brukt til å kjøpe inn eit nytt våpen i klubben som er øyremerkt dei yngste medlemmane.

– Det er viktig at vi har ei breidde i idrett- og kulturtilbodet i Ørsta, og ha tilbod som famnar alle, seier dagleg leiar Yngve Bøstrand i Bøstrand Transport.

Tidlegare i år gjennomførte Hovdebygda og Ørsta skyttarlag ein skyteskule.

– Då hadde 16–17 deltakarar. Vi hadde då ein del gamle våpen med ulike måtar å stille desse inn på, og vi såg at vi var nøydde å fornye oss. Difor gjekk vi ut og spurde ulike bedrifter om støtte. Bøstrand Transport var klare med ein gong til å hjelpe oss som skal instruere unge folk til å lære seg å skyte.

Tradisjonelt har skyting vore dominerte av gutane, men stadig fleire jenter fattar interesse for skytesporten.

– No er snart tretti prosent av dei som held på med denne sporten jenter, og det viser seg at dei har mykje meir tolmod til å prøve og feile enn kva gutane har. Der har jentene eit lite fortrinn, men alle er velkomne til å prøve sporten. Tilbodet vi har strekk seg frå dei som er åtte år til dei som er nitti år. Skyting er ein sport der du kan konkurrere med foreldre og besteforeldre, seier Riksheim.

Med eit nytt våpen på plass ser skyttarlaget fram til ein ny skyteskule.

– Det vert ny skyteskule til hausten, og då slepp vi dei utfordringane vi har hatt tidlegare.