– I minst 20 år har mange sjukehus levd med eit nedleggingsspøkelse hengande over seg. Den uroa har regjeringa fjerna gjennom Nasjonal helse- og sjukehusplan, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie i ei pressemelding måndag.

Dei største endringane no kjem ved sjukehusa i Odda og Narvik, som misser akuttkirurgien. Som oppfølging av Nasjonal helse- og sjukehusplan skal alle helseføretak utarbeide utviklingsplanar. Dei regionale helseføretaka har styrehandsama sakene om akuttfunksjonar, og desse vart lagt fram i helse- og omsorgsministeren sitt føretaksmøte 24. april.

Når det gjeld akuttkirurgien i Volda, rører ikkje regjeringa ved denne – no. Dei følgjer dermed vedtaket gjort av Helse Midt og Helse Møre og Romsdal tidlegare i år, der det vart bestemt at Volda sjukehus får behalde akuttkirurgien i perioden 2017–2022. Dette vedtaket føreset eit tettare samarbeid mellom fagmiljøa ved Ålesund sjukehus og Volda sjukehus. Også Stord og Lofoten får behalde akuttkirurgien.

Den nye sjukehusplanen skil mellom ulike definisjonar for sjukehusa. For Helse Midt-Noreg er St. Olavs Hospital i Trondheim definert som regionsjukehus, medan Ålesund og Molde er definert som store akuttsjukehus, med over 60.000 innbyggjarar i opptakssonene. Kristiansund og Volda er definert som akuttsjukehus med under 60.000 innbyggjarar i opptakssona.

Men kva som vil skje med akuttkirurgien i Volda etter 2022 er usikkert. Definisjonen på eit akuttsjukehus er:

– Alle akuttsjukehus skal ha akuttfunksjon i indremedisin, anestesilege og døgnvakt, planlagt kirurgi, beredskap for kirurgisk vurdering og stabilisering og handtering av akutte hendingar, står det i føretaksprotokollen til Helse Midt-Noreg.

Nordfjord sjukehus har også status som akuttsjukehus.

– Geografien i Noreg, klima og busettingsmønster krev ein desentralisert sjukehusstruktur for å sikre nærleik til sjukehustilbod og tryggheit for innbyggjarar i alle delar av landet. Vi skal ikkje legge ned dei små akuttsjukehusa, men bevare og vidareutvikle dei. No er sjukehusstrukturen lagt. Sjukehusa kan vidareutvikle seg i tryggheit om at det er behov for dei i framtida, seier Høie i pressemeldinga.

Ifølgje Dagens Medisin har Kristeleg Folkeparti fremja forslag til Stortinget om å vidareføre akuttkirurgien ved lokalsjukehusa. Saka skal opp 15. mai. I ein kommentar til tidsskriftet seier Høie at om sjukehus på nivå med det som er i Nordfjord ikkje vert akseptert, vil det innebere fleire nedleggingar og auka sentralisering.

Fakkeltog: Kvar gong akuttkirurgien til Volda sjukehus har vore trua, har innbyggjarane i Ørsta og Volda stilt mannsterke for å vise motstand mot nedleggingstrusselen. Sist i desember 2015. Foto: Janne-Marit Myklebust