Til saman 93 mjølkeprodusentar frå heile landet tok imot tysdag kveld TINE si høgste utmerking for topp mjølkekvalitet.

Tildelinga fann stad under ei høgtideleg markering på Lillestrøm i forkant av TINE sitt årsmøte.

Ikkje ein einaste glipp

Kvar dag måler TINE kvaliteten på mjølka frå norske mjølkeprodusentar. Den beste mjølka vert kategorisert som «elitemjølk». Bønder som klarar å levere elitemjølk kvar einaste dag i 15 år, vert heidra med Sølvtina.

Kvalitet og flid

TINE sin styreleiar Trond Reierstad og konsernsjef Hanne Refsholt stod for utdelinga på Lillestrøm. Elitemjølk er den høgste kvalitetsmerkinga norske mjølkebønder kan få for råvareleveransane, og nær 5.500 dagar med god fjøsdrift må til for å kunne ta imot den eksklusive tina i sølv.

–Sølvtina er ei utmerking for svært godt kvalitetsarbeid gjennom mange år, som gir TINE det beste utgangspunktet for å tilby produkt av høg kvalitet, seier Hanne Refsholt, konsernsjef i TINE.

Høg del

Styreleiar Trond Reierstad er stolt over den dugleik og flid mottakarane av Sølvtina representerer.

Bak prestasjonane ligg yrkesstoltheit, gode hygienerutinar og grundig planlegging og oppfølging av alle deler av gardsdrifta, med stor vekt på å ta vare på dyra på beste måte.

– Høg kvalitet er det beste konkurransefortrinnet norsk mjølkeproduksjon har i konkurransen med utanlandske aktørar. I løpet av dei siste 15 åra har delen elitemjølk auka jamt. Det betyr at norske forbrukarar får mjølk i verdsklasse, seier Trond Reierstad.