Det er klart etter at fondet har vedteke kva prosjekt som får støtte i denne runden.

Følgjande prosjekt i Ørsta får støtte:

Stavset Internatskule: 390.000 kroner. Søkar er Hjørundfjord kulturvernlag

Bestestova i Erkehuset (Bjørke): 250.000 kroner. Inge Kolås er søkar.

Skiftertak på ukjent hus: 271.000 kroner. Søkar er Vibecke Carlsson.

Stabbur på Skarbøen: 190.000 kroner. Søkar er Rolf Skarbø.

Ingen prosjekt i Volda får støtte i denne runden.

Til saman 19 prosjekt i Møre og Romsdal deler 6,5 millionar kroner i støtte til bevaring av kulturminne i denne runden. Det var til saman 85 søknadar i Møre og Romsdal i denne runden, på til saman 29 millionar kroner. Dette er ein stor auke frå 2016-runden med søknadar, med 50 søknadar på 12,7 millionar kroner.

På landsbasis er det Oppland, Nordland og Møre og Romsdal som søker om flest kroner frå Kulturminnefondet i 2017.