– Vi kjem med dette framlegget i håp om å bremse den negative utviklinga i mange anadrome bestandar, særleg sjøaure, skriv Fylkesmannen i Møre og Romsdal i følgebrevet til framlegget.

Fylkesmannen kjem med to konkrete forslag: For det første vil han stille krav om at alle garn, uavhengig av maskevidd, til ei kvar tid står minst tre meter under havoverflata i heile fylket. I dag gjeld dette berre for garn med maskevidd større enn 32 millimeter.

For det andre vil fylkesmannen innføre eit generelt forbod mot fiske etter laks og sjøaure frå båt i munningsfredingssona. Fiske med stong frå land vil framleis kunne gå føre seg i den tida det er lov å fiske etter sjøaure i elva.

– Fylkesmannen ser med uro på reduksjonen av sjøaure i fylket vårt. Same utviklinga er påvist i andre delar av landet.

I Møre og Romsdal var nedgangen på 75 prosent i perioden 1993-2013, ifølgje tal frå Miljødirektoratet.

Lakselus, klimaendringar og fiskesjukdomar er dei mest sannsynlege årsakene til nedgangen, ifølgje ei nasjonal gransking frå Miljødirektoratet. I tillegg kan menneskeskapte tilhøve (t.d. forureining, forsuring og kraftregulering) ha spelt ei rolle.

Dorging

Når det er tørt vêr og låg vassføring i elvane samlar fisken seg ved elvemunningane. Det fører til at laks og aure oppheld seg på eit svært konsentrert område, og blir enkel å fange.

Sommaren 2016 vart det dorga mykje etter laks og sjøaure i Ørstafjorden. Fylkesmannen har også dokumentert slikt fiske i Ørstafjorden.

– Eit slikt konsentrert fiske vil kunne kome til å belaste dei lokale bestandane for hardt, skriv fylkesmannen.

Statens naturoppsyn meiner endringsframlegget er positivt, men ser utfordringar i formuleringa om forbod mot fiske frå båt.

– Det er bra at det blir påpeike at det ikkje kan fiskast laks eller sjøaure frå båt, men etter mi meining vil ikkje utfordringane med dorging vere løyste. Det vil framleis vere lovleg å dorge etter makrell i desse områda. Vi vil då framleis få båtar fiskar aktivt etter laks og sjøaure (eller som i alle fall blir mistenkt å gjere dette av dei som følger med og stadig ringer oss). Det einaste verkemiddelet vi som oppsyn sit igjen med er å gå om bord i båten og sjå om det er gøymt unna laks eller sjøaure, skriv seniorrådgivar Michael Røberg Eklo.

Statens naturoppsyn foreslår eit totalforbod mot dorging i munningsfredningssona, og eit krav om at alle båtar som fiskar her må ligge stille.

Stenger elva for aurefiske

Styret i Ørstavassdraget elveeigarlag er positive til begge endringsforslaga.

Det vart teke 41 aurar i Ørstaelva i 2016.

– Dette er eit svakt resultat på aurefiske og ein del aure vart sett ut igjen i sesongen, då auren til dels er liten og også fordi vi vil bevare bestanden av aure, skriv styret.

Årsmøtet for elveeigarlaget vedtok tidlegare i april å stenge Ørstaelva for fiske etter aure i sesongen 2017. Møtelyden var samrøystes i dette vedtaket. Når det i tillegg blir forbod mot fiske frå båt, vil det i praksis seie at det ikkje vil vere lovleg å fiske etter aure i eller nær Ørstaelva i 2017. Stongfiske etter aure i elvemunningen er ikkje tillate så lenge sjølve elva er stengd for slikt fiske. Laksefisket frå land vil kunne foregå som tidlegare, men det blir ikkje tillate å fiske laks frå båt ved elvemunningen.

– Vi er sikre på at vår stenging av elvefiske etter aure og endringsforslaget frå fylkesmannen vil betre tilhøva for laks og sjøaure i fjorden.

Framlegget til fylkesmannen hadde høyringsfrist 15. april. Saka er no til slutthandsaming hos fylkesmannen.