– Eg er større optimist i år enn på generalforsamlinga i fjor. Og vi målar ikkje eit like svart bilde i dag som då. Kraftprisane utviklar seg positivt og prisen stig meir no enn i same periode i fjor. Prisane kjem ikkje til å gå ned så mykje i år som i fjor.

Det sa adm.dir. Elling Dybdal då han sist fredag orienterte generalforsamlinga i Tussa om situasjonen for konsernet.

Tussa har eit godt tak om dei lokale kraftkundane, likevel er det tretti prosent av innbyggjarane i Tussa-området som har andre straumkundar enn Tussa. Tussa må difor vere skjerpa. Ikkje minst i åra framover. For Dybdal ventar større konkurransepress fram mot 2019 når smarte straummålarar kjem (AMS), og det vert gjennomføring av einfakturamodell med kraftomsetjar som også fakturerer nettleiga. Dette kan bety at nye aktørar i bransjen kjem på bana.

– Kanskje også Rema byrjar å selje kraft? Kven veit? Reflekterte Tussa-direktøren under generalforsamlinga.

Det er NVE som har innført nye reglar som gjer at alle kraftleverandørar kan tilby éin felles faktura for straum og nettleige.

Den nye ordninga betyr at straumkundane enkelt kan velje kraftleverandør utan å måtte gå frå ein til to fakturaer. Før var det i praksis berre straumkundar som vel kraftleverandør med selskapsmessig tilknyting til nettselskapet, som fekk alt på éin faktura. Ein felles faktura for straum og nettleige er ei forenkling som gir straumkundane større valfridom og betre oversikt over straumkostnadene. Forskriftsendringane bidreg også til betre konkurranse mellom kraftleverandørane.

Tussa leverte eit kanonår i fjor der samla driftsinntekter var på 890,6 mill. kroner og driftsresultatet vart 197,5 mill. Resultatet er mykje betre enn i 2015, og hovudårsaka til det gode resultatet er å finne i fusjonen mellom Tussa Nett og Tafjord Kraftnett til Mørenett i 2014. Berre inntektene frå Tussa sin del av Mørenett gav eit resultat før skatt på nær 108 millionar. Samstundes vart inntektene frå kraftsal betre enn venta, men utviklinga innan elsertifikat er negativ. Områda nett og produksjon gir størst bidrag til Tussa. Soliditeten til Tussa er på 30 prosent og i tråd med krava frå bankane.

– Vi må ha marginar, det kan kome ein ny orkan, seier Tussa-direktøren.

– 2017 vert betydeleg svakare enn i fjor. Eg har framleis god tru på skiftet frå fossil til fornybar energi. Det plasserer oss i ein god situasjon for vidare utvikling, seier Dybdal.

Det er nok utfordringar å ta tak i framover, ikkje minst den teknologiske utviklinga med meir effektive IT-verktøy og styresmaktene sine rammevilkår for energisektoren.

– Dette er dei viktigaste endringsfaktorane. Men utfordringane må ikkje berre sjåast på med negative føreteikn, dei kan også gi høve til positiv utvikling. Om det er positive eller negative føreteikn, må Tussa som konsern tilpasse seg dei ytre rammene for forretningsdrifta, seier Dybdal.

Utbyte

I tråd med vedtektene vedtok generalforsamlinga at det skal betalast utbyte til eigarkommunane på 24,5 millionar. Det betyr vel 8000 kroner per aksje. Utbytet vert rekna ut etter 60 prosent av gjennomsnittsresultatet siste tre åra. Sjølv om 2016 var eit veldig godt år for Tussa, går utbyteprosenten ned fordi selskapet også har hatt dårlege år.

Tussa satsar offensivt når det gjeld investeringar, ikkje minst innan fiber, og konsernet har 1,3 milliardar i gjeld. Det er betydeleg meir enn for nokre år sidan.

Val

Fire styremedlemmer stod på val til Tussa-styret. Frå Ørsta vart Inger Sandvik Sundnes attvald. Karen Høydal byter plass med Knut Olav Standal fordi valnemnda ved ein glipp hadde oversett at det vart for mange kvinnelege varamedlemmer til styret.

Generalforsamlinga vedtok at faste styremedlemmer får 87.500 kroner i året for å sitje i styret. Det må vere bra timebetaling for å møte opp til rundt åtte styremøte i året.