- Både lokaltrafikk og tungtransport langs E39 i og nær Ørsta sentrum er aukande. E39 må leggast utanom sentrum, skriv Guttorm Hagen, lensmann i Volda og Ørsta, i ein høyringsuttale om planprogrammet for Ørstafjordkryssinga.

Tre alternativ

Hagen ser føre seg tre alternative trasear for ei kryssing av Ørstafjorden:

Alternativ 1: Dersom E39 vert lagt i bru frå Sørheim til Lianes, bør vegen gå vidare i tunnel frå Lianes til Flåvika, eller til eit punkt nærare Søre-Vartdal. På denne måten blir E39 korta inn.

Alternativ 2: Undersjøisk tunnel frå Sørheim til Flåvik vil gi innkorting av E39. Brann- og redningsberedskap for tunnelar på Søre Sunnmøre er allereie etablert. Stigning på kring fem prosent er akseptabelt, ifølgje lensmannen. Han meiner det bør etablerast forbikøyringsfelt i begge retningar, frå botnen og opp.

Alternativ 3: Dersom E39 vert lagt i bru frå Steinnes til Rjåneset bør det vurderast å føre vegen vidare i tunnel frå Rjånes til Flåvika. Elles kan bli krebjande å opparbeide E39 til fullgod europavegstandard på strekninga Rjåneset-Flåvika, meiner Hagen.

Fleire behov

Han peiker også på at det er behov for skredsikringstiltak på strekninga Flåvika-Bjørndal.

- Dette er mogleg å etablere i samband med dei nye veganlegga. Dei nye skredsikringstiltaka vil også gjere det mogleg å betre skredsikringstiltaka på strekninga Bjørndal-Berg.

Dagens E39-trase mellom Flåvika og Søre-Vartdal og mellom Lianeset og Håvoll har ikkje god nok standard, meiner lensmann Hagen.

- Vegbreidda må aukast og vegen må rettast ut. Desse tiltaka kan sjåast i samanheng med val av alternativ line for den nye E39, og tiltaka treng ikkje å bli utsett, skriv han.