I Ørsta vart det samla tald 1339 hjortar. Det er 32 færre enn under fyrste teljinga i sjor, og som var eit rekordår for teljinga.Resultata syner at at særleg i Bondalen var det ein auke, der det åleine vart tald 350 dyr, 26 fleire enn i fjor.

På Vartdalsstranda vart det tald færre dyr enn i fjor, med 312 i alt (376). Elles låg tala om lag på same nivå som fjoråret.

Volda

Resultatet for fyrste hjorteteljing i Volda 2017 vart på 1205 dyr.

– Denne hjorteteljing ligg med det nær opptil 1.teljing i 2016, då det vart talt 1224 dyr, fortel fagansvarleg Roger Nedreklepp.

Han meiner teljinga syner at hjortebestanden med det ligg på eit stabilt og høgt nivå.

Den andre teljinga vert natt til 6. mai, og etter den teljinga vil ein ha eit sikrare grunnlag på å vurdere eventuelle endringar i hjortebestanden i kommunane.

Det er utført vårteljing på hjort sidan 1995.