Kommunestyret skal handsame saka i møte torsdag.

– Å ha forventningar om lågare pris for eit bygg på denne storleiken og med dei funksjonane som ligg inne, vil ikkje vere realistisk står det i sakspapira.

Flytta hallen

I 2016 vedtok kommunestyret å bygge den nye fleirbrukshallen på Utstillingsplassen innanfor ei samla investeringsramme på 150 millionar kroner. I dei opphavlege planane var hallen tenkt bygd på Mosflata, men dette gjekk politikarane vekk frå. Det vart sett ned ei arbeidsgruppe som skulle utarbeide planar for den nye hallen.

– Etter kvart som arbeidsgruppa teikna ut planskisser og romprogram, der vi så langt som råd tok omsyn til krav og innspel frå brukargruppene, auka funksjonar og areal utover det som opphavleg var grunnlaget, står det i saka.

Arealet har auka med 1.293 kvadratmeter, frå 6.824 kvadratmeter som var planen for hallen på Mosflata, til 8.117 kvadratmeter på Utstillingsplassen.

I desse ekstra kvadratmeterane har det kome inn fleire funksjonar sett i høve til hallen på Mosflata. Mellom anna er der betre og romslegare garderobeløysingar, to undervisningsrom, tre grupperom, kontorlandskap for lærarar, drift og idrettslag. Der er klubb- og undervisningsrom med skiljeveggar, slik at dei kan verte slått saman til eit større lokale. Der er nye klubblokale og kontor for Ørsta Idrettslag, betre og utvida løysing mellom garderobe og hall, lagerlokale til dei fleste brukarar, og klart skilte soner for brukarar og publikum.

– Som eit resultat av prosjektet på Utstillingsplassen ville ikkje idretten og skulane vore tent med storleiken og funksjonane på Mosflata, skriv administrasjonen, og legg til at det har vore ein lang og krevjande planleggingsprosess der dei har prøvd å ta omsyn til flest mogleg av ønska til brukarane, samstundes som dei har vore nøydde til å prioritere for å halde nede dei samla kostnadene.

– Vi meiner no å ha kome fram til ei svært god og framtidsretta løysning, der alle brukarar er tilfreds. Administrasjonen kan fullt ut stå inne for den basisløysinga som no ligg føre. Administrasjonen meiner at forprosjekteringa er grundig gjennomført, i tett samarbeid med alle brukargrupper. Både representantar for idretten og skulane har fått medverke til den endelege utforminga, og vi meiner at kommunen har fått rett pris på prosjektet på grunnlag av eit grundig forprosjekt, skriv seksjonsleiar eigedom Iren Graskopf og rådmann Wenche Solheim.

110,9 millionar

Dei har fått tilbod frå sju tilbydarar som ønskjer å bygge hallen.

I tilråding til vedtak står det: Ørsta kommunestyre vedtek å bygge fleirbrukshall på Utstillingsplassen ved Ørsta stadion i kommunal regi. Utbygginga skal skje innanfor ei investeringsramme på 180,4 millionar kroner. Dette medfører ein auke i ramma på 30,4 millionar kroner for basisløysinga. Samla finansieringsbehov vert 110,9 millionar kroner. Årlege drift- og finanskostnader på 8,9 millionar kroner må innarbeidast i kommunen sitt driftsbudsjett.

Prosjektet vert finansiert med 34,4 millionar kroner i mva-refusjon. I tillegg kjem frådrag på tomtekostnad på 6,4 millionar kroner, då dette allereie er finansiert. Utrekna spelemidlar på 28,7 millionar kroner vert finansiert ved bruk av ubrukte lånemidlar eller andre frie midlar. Resten på 110,9 millionar kroner vert finansiert med nye låneopptak.

I planane er det også ønske om å ta med to opsjonar på ny parkeringsplass på Mosflata og eit femte garderobesett.