Det seier Ove Myklebust i Eiksenteret, som saman med A-K Maskiner, Felleskjøpet, Øye Maskin og Ørsta næringskontor, arrangerer landbruksmessa i Ørsta. Gjennom dei tre åra landsbruksmessa har blitt arrangert har det ikkje blitt fullklaff med vêret. På opningsdagen fredag fekk arrangørane og dei besøkjande oppleve fleire årstider. Laurdag sneik sola seg fram fleire gonger, og besøket på Utstillingsplassen var godt. Landsbruksmessa har eit stort nedslagsfelt, og ein av dei som hadde lagt turen til Ørsta for å halde seg oppdatert på landsbruksutstyr var Olav Lade og sonen Konrad frå Hellesylt.

– Eg måtte legge turen inn for å sjå, og det er viktig å halde seg oppdatert. I fjor passa det ikkje å ta turen hit, men eg var her for to år sidan.

– Blir det noko kjøp i løpet av dagen?

– Nei, ikkje akkurat i dag, men vi må sondere terrenget og sjå på dei nye modellane, sa Lade.

Alt innan jordbruksutstyr, rådgjeving og finansiering er representert når det blir invitert til landsbruksmesse. Kredittsjef Kenneth Jakobsen i Landkreditt Finans var ein av utstillarane som berre har lovord om landbruksmessa.

– Vi likar oss veldig godt her på messa og har blitt invitert hit sidan oppstarten. Vi kunne ikkje hatt det betre, og vi treff erein del kundar som vi ikkje treffer til vanleg. For oss som driv med finansiering er det og kjekt å få sett utstyret, helse på dei besøkjande og sjå kva som finst innan jordbruket, seier Jakobsen som understrekar at det er finansieringslyst blant bøndene i dag.

Mange la turen innom Utstillingsplassen laurdag der dei både fekk sett og demonstrert utstyr. Sjølv om det ikkje var så mange besøkjande fredag vart det likevel godt sal for Eiksenteret.

– Vi var heldige og fekk selt to traktorar og ein del reiskap. Det var gledeleg. Laurdag var det skikkeleg godt med folk på messa, og eg vil seie at den så aboslutt har vore vellukka. Dei som kjem hit ser seg rundt og orienterer seg for kva som finst på markanden. Det er eigentleg umogleg å måle direkte resultat av ei slik messe då ein kunde kan kome att om to år for å gjennomføre eit kjøp, seier Myklebust.