Sunnmøre Ungdomssymfoniorkester sine vårkonsertar har lange tradisjonar. At Volda og Hornindal kommunar har bestemt at dei skal slå seg saman er kjent for dei fleste, og i år valde ungdomssymfoniorkesteret å samarbeide med Hornindal spelemannslag og Hornindal musikkorps. Laurdag vart den første av to konsertar i helga arrangert i Berthe Kanutte-huset på Høgskulen i Volda. Salen var fullsett, og publikum fekk høyre eit fyldig og variert program under leiing av dirigent Sverre Sørdal.

– Når Ungdomssymfoniorkesteret held konsertar er det er mange som spør seg om vi er eit ungdomssymfoniorkester. Det ser kanskje ikkje slik ut, men de skulle berre vist kor barnslege dei er. Dessutan er ungdomane det viktigaste. Nokre av dei har med seg lærarane sine frå kulturskulane i orkesteret, og det er og med nokre foreldre og besteforeldre. I tillegg har vi med nokre som har hatt med borna sine tidlegare, sa Sørdal.

At det er mange dyktige musikarar i ungdomssymfoniorkesteret er det ingen tvil, og det fekk dei vist for publikum laurdag. Det var mange godbitar som stod på programmet. Musikk frå musikalen «The Phantom of the opera», utdrag frå «Cavalleria Rusticana», «Vals frå Jazz suite nr. 2» av D. Schostakowitsch var noko av det publikum fekk høyre. Kulturskulen i Volda sitt eige kammerorkester Con Moto var og med på konserten, og orkesteret sitt eige fløytekor med berre tverrfløyter. Meir enn seksti ungdomar er med i Sunnmøre Ungdomssymfoniorkester og dei gav publikummet i Volda ei flott kulturoppleving laurdag kveld. Søndag gjekk turen til Hornindal, og ny konsert i Honndalshallen.